Nordekvatorialstraumen

Nordekvatorialstraumen eller Den nordlige ekvatorialstraumen er ein havstraum i Stillehavet og Atlanterhavet som strøymer frå aust mot vest mellom 10 ºN og 20 ºN. Han er sørsida av ein subtropiske virvel som går med klokka. Trass i namnet er ikkje Nordekvatorialstraumen i kontakt med ekvator. I begge hava er han skild frå ekvatorsirkulasjonen av Den ekvatoriale motstraumen, som strøymer austover. Sør for motstraumen ligg Sørekvatorialstraumen.

Kart over havstraumar. Nordekvatorialstraumen (North Equatorial Current) i svart.

Nordekvatorialstraumen er brei, ca. 1000–1500 km, og eit par hundre meter grunn. Det ekvatoriale straumsystemet han er ein del av blir drive av passatvindane.[1]

KjelderEndra

  1. Sælen, Odd Henrik (31. august 2018). «Det ekvatoriale strømsystem». Store norske leksikon (på norsk).