Den nordlege halvkula

halvdel av Jorda som ligg nord for ekvator
(Omdirigert frå Nordlege halvkula)

Den nordlege halvkula er den delen av jordoverflata som ligg nord for ekvator. Ho omfatter Nord-Amerika, Europa, Asia og delar av Afrika og Sør-Amerika. Vinteren finn stad rundt desemberfebruar og sommaren rundt juniaugust.

Den nordlege halvkula.
Den nordlege halvkula farga blå.

Det meste av landjorda (67,3 %)[1] og kring 90 % av innbyggjarane på jorda er på den nordlege halvkula. I tillegg til heile Nord-Amerika og Europa omfattar ho dei nordlegaste delane av Sør-Amerika, rundt to tredelar av Afrika og nesten heile Asia.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Life on Earth: A – G.. 1. ABC-CLIO. 2002. s. 528. ISBN 9781576072868. Henta 8. september 2016. 
  2. «Hemisphere Map» (på engelsk). World Atlas. Henta 22. mars 2015. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.