Opna hovudmenyen

Nordreisa Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Storslett og i Nordreisa i Troms, stifta 17. september 1946. Idrettslaget er aktivt med blant i fotball, friidrett, handball, langrenn, orientering, skiskyting og sykling. Laga til Nordreisa spelar i kvite drakter med svarte bukser.

Nordreisa IL har særleg markert seg i langrennsløypa. Fremst av alle langrennarane står noregsmeister Jan Lindvall, også Truls Hallen, Karl Gunnar Skjønsfjell og Øystein Rønbeck hevda seg mellom noregseliten i 1980/90-åra.

KjelderEndra