Jan Lindvall

Jan Petter Lindvall (fødd 18. mars 1950 i Kåfjord) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1978 til 1984. Hans største prestasjon kom i 1982 då han vann femmila i verdscupen i Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen (Russland). Lindvall vart noregsmeister tre gongar; to gull i 1982 og eit i 1984. Frå NM elles har han tre sølvmedaljar og tre bronsemedaljar.

Jan Lindvall
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1950 (71 år)
Kåfjord kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1984, Ski-VM 1982

Lindvall er i dag brannmann i Tromsø og har elles arbeidd som seljar for skimerket Fischer og skiutstyrsprodusenten Swix.

LangrennarenEndra

Lindvall voks opp i bygda Olderdalen i Kåfjord kommune i Troms. 17 år gammal flytta han til Tromsø og melde seg inn i Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag. 27 år gamal vart han nordnorsk meister for første gong, medlem i Nordreisa Idrrettslag.

Fyrst i 1978-sesongen vart Lindvall lagt merke til på nasjonalt nivå. Han gjekk då gode løp på alle NM-distansane, med ein sjetteplass og to sjuandeplassar. Etter dette fekk han plass i landslagstroppen.

Han vart utteken til troppen til OL i Lake Placid i 1980, utan å få tevle. Under VM 1982 i Oslo vart han sjuk. Han deltok berre på femmila, den siste distansen i meisterskapet, og gjekk inn til ellevte plass. OL i Sarajevo i 1984 vart hans siste internasjonale meisterskap som aktiv løpar. Han kom der på femteplass på femmila.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1978: Nr 9 på femmila i Holmenkollen
  • 1979: Nr 5 på femmila i Holmenkollen
  • 1980: Vinnar av 50 km i Lahti, nr 3 på femmila i Holmenkollen
  • 1981: Nr 4 på femmila i Holmenkollen
  • 1982: Nr 2 på 50 km og nr 3 på 15 km i Lahti
  • 1983: Nr 3 på 30 km i Falun
  • 1984: Nr 3 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskapEndra

  • 1978: Nr 6 på 15 km, Konnerud
  • 1979: Sølv på 15 km og bronse på 30 km, Steinkjer
  • 1980: Nr 7 på 15 km, Asker
  • 1981: Sølv på 30 km, Eidsvoll
  • 1982: Gullmedaljar på 15 km og 30 km, Raufoss
  • 1983: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på både 15 km og 50 på Lillehammer
  • 1984: Gullmedalje på 30 km, Hof

KjelderEndra

  • Bokmålswikipedia
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra