Nordtrafikk
Nordtrafikk er eit transportselskap som driv gods- og ambulansetransport i Nordland og Finnmark. Selskapet har hovudkontor på Sortland. Nordtrafikk dreiv tidlegare også buss-, ferje- og lokalbåttrafikk, men denne delen av selskapet (Nordtrafikk Buss og Nordtrafikk Maritim) blei i oktober 2006 kjøpt opp av Veolia Transport.
Veolia har bestemt at bussdrifta i Nordland skal drivast under namnet Vestfjord Buss, medan bussdrifta i Troms skal drivast under namnet Hålogaland Buss. Den maritime delen av selskapet i Nordland skal drivast under namnet Helgelandske, eit transportselskap som blei kjøpt opp av Veolia i 2005.[1][2]
Nordtrafikk-konsernet består i dag av følgjande dotterselskap: Nordtrafikk Ambulanse AS, Nordtrafikk Ambulanse Finnmark AS, Nordtrafikk Gods AS og Nordtrafikk Gods Lofoten AS.
Nordtrafikk blei skipa i 1936 under namnet A/L Langøya Biltrafikk. Seinare skifta selskapet namn til Vesterålens Trafikklag AS. I 1988 fekk morselskapet namnet Nordtrafikk AS.
Leiing
endreOle Lund Riber var konsernsjef fra 1987 til selskapet vart seld. Før ´87 var Ole Lund Riber soussjef i Nordtrafikks forgjengar Vesterålen Trafikklag.
Bedriftsovertakinger
endre- 1990 Boldevins Bilruter AS, Nordland (buss- og godstrafikk)
- 1996 Harstad Oppland Rutebil AS, Troms (busstrafikk)
- 1997 Nordland Ambulanse AS, Nordland (ambulansetrafikk)
- 1999 AS Lofoten Trafikklag, Nordland (buss-, ferje- og godstrafikk)
- 2000 TB-Invest AS / Trysilbussen AS, Hedmark (buss- og godstrafikk)
- 2001 Ambunor AS, Finnmark (ambulansetrafikk)
Bakgrunnsstoff
endre- Offisielle nettsider (Med rutetider)
- Ole Lund Riber si nettside Arkivert 2013-06-21 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- ↑ Vesterålen Online: Nordtrafikk blir "Vestfjord buss"[daud lenkje]
- ↑ Harstad Tidende: Hålogaland Buss er ny-navnet, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 16. september 2011