Nordvestlandsbåtar
Nordvestlandsbåtar er dei opne, oftast spissgatta, ro- og seglbåttypane frå Møre og Romsdal fylke, og tidlegare òg Trøndelag[1][2]. Nordvestlandsbåtane er kjenneteikna ved fyldig framstamn, smekker atterstamn, og ofte éin eller fleire ekstra bordgangar mot framstamnen. Dei fleste nordvestlandsbåtane har vore rigga med lårsegl. Det finst to hovudtypar av nordvestlandsbåtar:
- Snidbetningen, eller sunnmørsbåten, som vi kjenner han frå dei siste par hundreåra er kjenneteikna ved eit stort tal ekstra bordgangar mot framstamnen og mange bordskøytar midtskips. Sunnmørsbåtane har lårsegl med kileskoren seglduk, smal rå og mesta trekanta seglform.