Opna hovudmenyen
Trirøingen (seksæringen) «Todalsgeita» fortøydd i ein Smøla-holme. (Foto: Annar Thinn, Kystlaget Geitbåtens Venner)

Ein geitbåt er ein tradisjonell open og oftast spissgatta ro- og seglbåt frå Nordmøre og Romsdalen. Geitbåten høyrer typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.

Det finst to hovudtypar av geitbåtar:

  1. Aurgjeldgeita, som høyrer heime hovudsakleg i Aure, har noko lengre kjøl, noko brattare stamnar, gjerne fast vaterbord, og er oftast rigga med eitt råsegl.
  2. Søfjordingen har kortare og djupare kjøl, svært lange halsar og utprega runde stamnar med noko flattrykt profil. Søfjordingen er normalt rigga med asymmetrisk råsegl — eit segl som frå heimdistriktet åt geitbåten og nordover gjerne blir kalla geitbåtsegl. Romsdalsgeita er sett svært lik søfjordsbåten, og blir oftast ikkje rekna som typologisk sjølvstendig.

Den nyare båttypen lysterfæring, som er ein mykje enklare båttype å byggje og som vart svært populær i distriktet frå tida kring 1900, vil ikkje bli handsama her.

Denne artikkelen vil i hovudsak taka for seg søfjordingen, men med merknader i fall der aurgjeldsgeita skil seg særleg ut.

Innhaldsliste

FormEndra

SkrogEndra

Geitbåtskroget er klinkbygd av svært tynne og breie bord av feit nordmørsfuru. Banda (spanta) er òg av furu og er svært smekre. Sjølve kjølbordet er kort og relativt djupt, og denne djupna blir forsterka av den bratt tilhogde ørhua i overgangen mellom kjølen og det første botnbordet. Mellom kjølen og stamnane er det ein lang overgang med gradvis kuving. Framhalsane (dei nedste borda nærme framstamnen) er tilhogde med sterk kuving slik at framenden av skroget er smekker under vasslina og mykje vidare over. Denne effekten er forsterka gjennom at bordgangane er svært vide ved framstamnen og smalnar tilsvarande av mot atterstamnen. På dei fleste geitbåtane er denne effekten forsterka gjennom at det fram mot framstamnen er innfelt ein ekstra bordgang. Mellom botnborda og sidene i geitbåten er det ein relativt skarp knekk, slik at botnen av båten er relativt flat på kvar side av kjølen, men sidene er svært bratte. Den djupe, men korte kjølen, dei skarpe framhalsane, den vide framstamnen, den flate og jamne botnen, dei bratte sidene og den smekre atterstamnen er alle med på å gjera geitbåten til ein svært god, halvplanande og lettstyrt ro- og seglbåt for dei ureine farvatna langs kysten av Nordmøre og Romsdalen og for fiskebankane som ligg utanfor kysten av Midt-Noreg.

RiggEndra

Alle geitbåtar med mast som enno finst har éi mast med eitt segl. Søfjordingen er oftast rigga med eit trapésforma asymmetrisk råsegl — på liknande vis som sunnmørsbåtane, nordfjordsbåtane og sunnfjordsbåtane. Hovudskilnaden mellom geitbåtsegla og sunnmørssegla er at geitbåtsegla har mindre utprega trapésform og vidare rå. Aurgjeldgeita er oftast rigga med eit trapésforma, symmetrisk råsegl.

StorleikarEndra

Vanlege geitbåtar kjem i ulike storleikar, frå småe tribandsfæringar til dei store toskgansbåtane med seks årepar. I tillegg kjem dei tverrskotta kyrkjebåtane, ofte utan mast og rigg, men med opp til sju årepar. Båttypar vi kjenner til frå skrift, men ikkje frå bevarte fartøy, inkluderer sambøringar og tendringar på over 50 fot.

FæringEndra

Færingen med sine fire årar finst i to hovudutgåver på Nordmøre. Den minste av dei blir kalla tribandsfæring. Den noko større melfæringen får namnet sitt frå det ekstra halvrommet mellom dei to åreromma.

SeksringEndra

Seksringen har tre par årar. Dette var rekna som den minste allvêrsbåten for fjordbruk.

FyringEndra

Fyringen har fire par årar. Fyringane, som dei større femringane, vart ofte bruka til linefiske.

FemringEndra

Femringen med sine fem par årar vart, som fyringen, særleg bruka til linefiske.

ToskgansbåtEndra

Toskgansbåtane med sine seks par årar vart, som namnet viser, bruka hovudsakleg til garnfiske etter torsk — særleg utpå havbankane.

LitteraturEndra

BakgrunnsstoffEndra