Peter Joakim Kristian Pedersson Slotsvik (3. februar 186120. september 1924) var ein norsk lærar, ungdomslagsleiar og avismann frå Borgund, aktiv i Østfold.

Peter Slotsvik
Fødd 3. februar 1862
Død

20. september 1924 (62 år)

Yrke redaktør, skribent

Liv og gjerningEndra

Slotsvik var son til ein leiglending på garden Slotsvik på Ellingsøya i Borgund på Sunnmøre. Han var frå 1882 lærar fleire stader, sist i Eidsberg til 1902. Frå 1901 var Slotsvik redaktør i Indre Smaalenenes Avis, to år seinare vart han også eigar av avisa. Han styrte avisføretaket, som kom ut i Mysen, til han døydde.

Slotsvik skreiv skodespelet Hovedøtrene (1900) og gav i tida 1909 til -22 ut fem små bøker med forteljingane Storfossen, Utpaa stupe, Brita-Lars, Hemn og Brukseigaren.

Slotsvik var sentral då Noregs Ungdomslag vart skipa i Trondheim i 1896. Frå skipinga og fram til 1899 var han formann for landssamanslutninga. Lokalt skipa han Eidsiva ungdomslag, der han var formann 1895-1900. I 1918 vart han, som den fyrste, utnemnd til æresmedlem i Noregs Ungdomslag.

KjelderEndra