Noregs Ungdomslag

(Omdirigert frå Noregs ungdomslag)

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med om lag 14 000 medlemmer i nær 400 lokallag i heile Noreg.  Laget har vore ei viktig del av ungdomsrørsla, målrørsla og norskdomsrørsla gjennom historia.

Føremål endre

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Prinsipprogram endre

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag er bygd kring fire kjerneverdiar, som ligg til grunn for politikken til organisasjonen:

Frilyndt

Noregs Ungdomslag er tufta på eit frilyndt grunnsyn. Å vere frilyndt er å vere tolerant, og å sjå mennesket for kva det er og kva det kan vekse seg til å bli.

Samfunnsengasjement

I ungdomslaga arbeider vi for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Medlemmane får mot til å engasjere seg og arbeide for det dei trur på. Gjennom deltaking i laga sine aktivitetar og demokratiske prosessar utviklar medlemmane seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske.

Folkeleg kultur

I Noregs Ungdomslag brukar, formidlar og vidareutviklar vi kulturarv og folkelege kulturutrykk. Med humor, kreativitet, galskap og fantasi skaper vi samtidig rom for nye tankar og aktivitet.

Samværskultur

I Noregs Ungdomslag har vi ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.


Sist endra på landsmøtet i 2017.

Historie endre

Noregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Turnhallen i Trondheim 11.-12. juli 1896. Det møtte 18 representantar frå sju fylkeslag (den gong «fælleslag»): Eidsiva (Austfold og Akershus), Romsdal, Inntrøndelag, Telefylket, Aust-Agder, Sunnmøre og Breidablikk (N. Østerdalen, Røros og Ø. Gauldalen). Peter Slotsvik vart vald til den første leiaren.

Namnet kom den første tida til å veksle mellom Det norske ungdomslaget og Norges Ungdomslag før det i 1897 blei fastsett til Norigs Ungdomslag. I 1922 blei namnet endra til Noregs Ungdomslag.

Organisasjon endre

Organisasjonen har om lag 14 000 medlemer i 21 fylkeslag og nær 400 lokallag. Mange av bylaga heiter bondeungdomslag, men størstedelen av laga heiter ungdomslag. Andre vanlege lagsnamn er leikarring, teaterlag eller folkedanslag. I Oslo er det ein del bygdelag som er med i organisasjonen og har namn etter ulike regionar, som t.d. Numedalslaget, Håløyglaget, Hallinglaget m.fl. Fylkeslaga går under namn som ungdomslag, ungdomsfylking, ungdomssamlag, samskipnad eller berre fylkeslag.

I organisasjonen finst det om lag 300 ungdomshus, og nokre lag driv lagsbruk med m.a. hotell (ofte under namnet Bondeheimen) og kaffistover.

Laget er styrt av eit styre med ein leiar, to nestleiarar (politisk og organisatorisk), fire styremedlemmar.

Torbjørn Bergwitz Lauen er leiar,[1] og Magni Hjertenes Flyum er generalsekretær.[2]

Aktivitetar endre

Aktiviteten i lokallaga er særs variert, men folkedans og amatørteater er sentrale aktivitetar. Døme på andre aktivitetar er kor, idrett, ungdomsklubb, målsak, kinodrift og mykje meir.

Tilskipingar endre

Kvar sommar skipar Noregs Ungdomslag til ein sommarleir for ungdom. På sommarleiren er det ulike kurs i m.a. teater, dans og musikk.

Leiarar endre

1896-99 Peter Slotsvik

1899-01 Sven Moren

1901-02 Haakon Åsvejen (Klaus Sletten fungerte)

1902-06 Klaus Sletten

1906-15 Nikolaus Gjelsvik

1915-19 Sven Moren

1919-26 Olav Midttun

1926-36 Halvdan Wexelsen Freihow

1936-47 Knut Eik-Nes

1947-55 Vegard Sletten

1955-59 Knut Hauge

1959-61 Gunnar Jakobsen

1961-64 Tor Halle

1964-68 Bøye Skeie

1968-72 Arne Kløvjan

1972-74 Egil Ytrearne

1974-76 Ottar Vandvik

1976-78 Knut Jacobsen

1978-81 Nils Seland

1981-83 Jakob Bjerkem

1983-86 Unni Fortun

1986-89 Kjærsti Evjen

1989-91 Leif Inge Underdal

1991-94 Berit Nergård Nyre (Troms Ungdomsfylking)

1994-96 Bjørnar Borvik (Romsdal Ungdomssamlag)

1996-98 Anders Gjerland (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

1998-00 Sven Ivar Skodjevåg (Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag)

2000-04 Johan Einar Bjerkem (Bygdelagssamskipnaden)

2004-05 Åge Avedal (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

2005-09 Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane Ungdomslag)

2009-12 Kristian Fjellanger (Oppland Ungdomslag)

2012-16 Endre Kleiveland (Hordaland Ungdomslag)

2016- 19 Mette Vårdal (Oppland Ungdomslag)

2019 - d.d. Torbjørn Bergwitz Lauen (Bygdelagssamskipnaden)

Tradisjonelt hadde leiaren tittelen «formann».

Kjelder endre

Fotnotar
  1. «Den nye leiaren i Noregs Ungdomslag vil gje ungom ein stad å vere seg sjølv». framtida.no. 30. april 2019. 
  2. «Styret og tilsette», www.ungdomslag.no (på norsk), henta 24. oktober 2023 

Bakgrunnsstoff endre

Nettstadar
Litteratur
  • Kløvstad, Jan (m.fl.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo : Samlaget, 1995.
  • Moren, Sven og Edvard Os: Den Frilynde Ungdomsrørsla - Norigs Undomslag i 25 år, Oslo : Norigs Ungdomslag, 1921.
  • Moren, Sven: I Vårvinna - 30 år i ungdomslaget, Oslo : H. Aschehoug & co, 1930.
  • NU i Allkunne.no