Norfolkøya

(Omdirigert frå Norfolk Island)

Norfolkøya (engelsk Norfolk Island, norfuk Norfuk Ailen) er ei øy i Stillehavet som ligg mellom Ny-Caledonia og New Zealand. Øya utgjer eit sjølvstyrt australsk territorium, saman med to mindre øyar. Arealet er 34,6 km² og folketalet 2 188 i 2021.

Norfolk Island
Norfuk Ailen
territorium
Flagg
Symbol
Land  Australia
Hovudstad Kingston
Areal 34,6 km²
Folketal 2 188 (10. august 2021)[1]
Språk engelsk, norfuk
Kart
Norfolkøya
29°02′00″S 167°56′59″E / 29.033333333333°S 167.94972222222°E / -29.033333333333; 167.94972222222
Kart som viser Norfolkøya.
Kart som viser Norfolkøya.
Kart som viser Norfolkøya.
Wikimedia Commons: Norfolk Island

Storbritannia byrja kolonisera øya i 1788, og grunnla hovudstaden Kingston.[2] Norfolkøya produserte lenge mat og tømmer for Australia, men øya blei tømd for folk i 1814 då det ikkje lenger var bruk for desse varene. I 1825 blei ho gjort om til straffekoloni for fangar som allereie var blitt transporterte til Australia. Norfolkøya var kjend som «helvetet i Stillehavet», og blei avskaffa i 1855.[3]

Om lag halvparten av ibuarane på Norfolkøya stammar frå Pitcairn, ei befolkning danna av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti. I 1856 blei heile befolkninga på 194 personar flytta til Norfolkøya, då Pitcairn var blitt overfolka. Nokre av dei vende attende til Pitcairn kort tid etter, men størstedelen blei verande på Norfolkøya.[4]

Øya styrte seg sjølv fram til 1896, då ho blei underlagt den britiske kolonien New South Wales og seinare Australia. I 1979 blei øya eit sjølvstyrande territorium under australske Norfolk Island Act.[5]

Bilete

endre
 
Kart over Norfolkøya.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Norfolk Island»; vitjingsdato: 28. juni 2022.
  2. «Kingston», Norfolk Island. The Website.
  3. «The Second Settlement», pitcairners.org
  4. «The Third Settlement», pitcairners.org
  5. «The History of Norfolk Island's Government», pitcairners.org

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norfolkøya