Norges Husflidslag

Norges Husflidslag er ein kultur- og interesseorganisasjon som arbeider for å styrkje den levande husflidstradisjonen i Noreg ved å organisere aktivitetar og tiltak som utviklar husflidsfagleg interesse og kunnskap, produksjon og omsetjing. Norges Husflidslag blei skipa i 1910. I 2017 hadde organisasjonen 24 000 medlemmar, 360 lokallag, 36 tilknytte husflidbutikkar som er heil- eller deleigde av fylkes- og/eller lokallag i Norges Husflidslag, og 150 husflidshandverkarar.[1]

Norges Husflidslag
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970168990
Skipa12. oktober 1910
HovudkontorOslo
Nettstadhttps://husflid.no/ Sjå dette på Wikidata

Norges Husflidslag er medlem av Norges kulturvernforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon. I 2014 blei organisasjonen akkreditert av UNESCO som ikkje-statleg organisasjon (NGO) med ekspertise innanfor immateriell kulturarv, som den tredje organisasjonen i Noreg.

Norsk Husflid

endre

Norges Husflidslag har sidan 1964 gjeve ut medlems- og fagbladet Norsk Husflid, som har husflid og handverk som tema. Det redaksjonelle fokuset er på bunad, strikk, vev, tre, broderi, skinn, glas, tekstil, tradisjonar og design. Bladet har eit opplag på meir enn 26 000 eksemplar.[2]

Arbeid på lokalplan

endre

Det friviljuge arbeidet i lokal- og fylkeslaga består blant anna i arrangement som for eksempel utstillingar og kursverksemd. Organisasjonen tilbaud i samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon i 2013 om lag 60 000 kurs- og studietimer innanfor blant anna vev, bunadssaum, tre og metall.[3]

Husflidskonsulentane

endre

Per 2023 har Norges Husflidslag 17 husflidskonsulentar, ein produktkonsulent og ein barne- og ungdomskoordinator. Husflidskonsulentane representerer Norges Husflidslag i fylka, og er fagfolk som yter service til organisasjonen, husflidhandverkarane, fylkeskommunen, skuler og andre som ønskjer råd eller rettleiing. Mange husflidskonsulentar er også drivkrefter i nasjonale og lokale/regionale prosjekt.[4]

Kjelder

endre
  1. «Fakta om NH». www.husflid.no (på norsk). Norges Husflidslag. Henta 3. september 2017. 
  2. «Norsk Husflid». www.husflid.no (på norsk). Norges Husflidslag. Henta 3. september 2017. «Norsk Husflid skriver om alle temaer innen håndverk og husflid, både harde og myke materialer. I 2017 vil bladet blant annet inneholde stoff om: bunad, strikk, vev, tre, skinn, glass, tekstiler, tradisjoner og design.» 
  3. [1] Arkivert 10. januar 2014 på Wayback Machine. (besøkt 10. januar 2014)
  4. «Husflidskonsulentene». www.husflid.no (på norsk). Norges Husflidslag. Arkivert frå originalen 3. september 2017. Henta 3. september 2017. «Husflidskonsulentene er Norges Husflidslags representanter i fylkene. Stillingene finansieres over statsbudsjettet og gjennom fylkeskommunale midler.» 

Bakgrunnsstoff

endre