Utskjering av ei treskei i Afrika.
Detalj av figurskjering frå Urnes stavkyrkje.

Treskjering eller treskurd er eit kunsthandverk der ein brukar knivar, meislar og andre verktøy til å utforma trevirke til nytte- og kunstobjekt. Tre er eit lett og mjukt materiale som ein kan skjera ut fine detaljar i. Teknikken kan til dømes brukast til masker, skulpturar og dekorasjonar av reiskapar, møblar, fargreier og bygningar.

Utskjering i tre er utbreidd gjennom svært mange kulturar, men tre held seg mykje dårlegare enn materiale som stein og bronse, fordi det lettare kan rotna, brenna eller øydeleggjast av insekt. Treskjering er derfor ofte gøymd frå kunsthistoria.[1] Utskore tre som står ute varer ikkje lenge dei fleste stader i verda, og ein kjenner derfor ikkje til kor lenge totempåletradisjonar har eksistert. Det finst fine døme på treskjering frå europeisk mellomalder, ofte med religiøse motiv.

StilartarEndra

Treskjering finst i fleire stilartar.

AkantusEndra

Akantus er ein plante frå Middelhavet, der han veks vilt. Treskjering i akantusstil formar treet slik at det liknar på akantusplanten. Denne stilarten går heilt tilbake til gresk vasemåling og steinhogging. Seinare utvikla romarane motivet til eit ornament. Akantusmønsteret blei òg brukt i Europa i renessansen, men var mest populært i barokken. Akantusstilen frå barokktida er den som blir brukt i dag.

Først på 1600-talet kom akantusranka til Noreg, og blei brukt på altertavler og preikestolar i nye kyrkjer på den tida. Tida frå 1750 til 1850 er verdsett som gullalderen for norsk treskjerarkunst. Akantusstilen var mest populær på Austlandet og særleg i Gudbrandsdalen. I dag er akantusen eit av dei mest nytta motiva i moderne norsk treskjering.

KarveskurdEndra

Karveskurd er ein relativt enkel teknikk. Ein snittar eit geometrisk mønster i overflata av treet. Ein liten kniv med kort blad blir brukt til å skjera mønsteret i treet. Ein variasjon er å farga treet først. Dermed blir mønsteret framheva i trekvitt mot den farga overflata. Karveskurd blir mest brukt på små gjenstandar, og er utbreidd i samisk folkekunst.

FigurskjeringEndra

Figurskjering består av å laga treskulpturer som er tredimensjonale. Det finst ein lang tradisjon i denne stilarten som har opphav langt attende i tid. Han blei dømes nytta til å skjera ut drakehovud i vikingtida. Ein del av den historiske figurskjeringa var knytt til religiøse og mytologiske symbol som til dømes utsmykking av stavkyrkjer.

TradisjonarEndra

NoregEndra

Treskjering har ein lang tradisjon i Noreg og finst i stort mangfald i både stil og skala.

Handverksskolen på Hjerleid på Dovre er den einaste skulen i Noreg med vidaregåande opplæring i treskjering.[2]

BileteEndra

KjelderEndra

  1. Sjå til dømes Martin Robertson, A shorter history of Greek art, s. 9, Cambridge University Press, 1981, ISBN 0-521-28084-2, ISBN 978-0-521-28084-6 Google books
  2. «Vg2 Design og trearbeid», hjerleid (på bokmål), henta 17. januar 2020 

LitteraturEndra

  • Borgersen, Tom Skånsar(2001): Enkel treskjæring. Landbruksforlaget. Oslo.
  • Engeland, Knut (1994): Treskjæring. Damm. Oslo. ISBN 82-512-0408-9
  • Engeland, Knut (2009): Treskjæringsmønstre. Cappelen Damm. Oslo.
  • Hauglid, Roar (1950): Akantus. I og II. Oslo.
  • Magerøy, Ellen Marie (1983): Norsk treskurd. Oslo. ISBN 82-5212341-4

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Treskjering