Norges KFUK-KFUM-speidere

Norges KFUK-KFUM-speidere blei oppretta 3. oktober 2003 i Stavanger. Ein slo då saman dei to dåverande speidarorganisasjonane, Norges KFUK-speidere og Norges KFUM-speidere. KFUK står for Kristeleg Foreining for Unge Kvinner, KFUM står for Kristeleg Foreining for Unge Menn. Norges KFUK-speidarar var ein rein jenteoranisasjon som blei stifta allereie i 1920. Norges KFUM-speidarar var ein guteorganisasjon som blei stifta i 1945.

Norges KFUM-KFUK-speidere er ein organisasjon for både gutar og jenter. Jentespeidarane hadde hatt brune skjorter, gutespeidarane blå. Den nye skjorta vart grøn, men skjerfa har framleis same fargen som før. Dei yngste har gule, dei neste har raude, dei eldre blå og grøne, dei eldste burgunder og leiarane mørkeblå.

Hovudkontoret ligg i Oslo. Organisasjonen er medlem av båe dei to internasjonale speidarorganisasjonane WAGGS og WOSM. Ein har 20 krinsar der Rogaland er den største. Sommaren 2006 blei den fyrste landsleiren til organisasjonen arrangert på Røros. Men ein har arrangert fellesleir for KFUK- og KFUM-speidarane før ein slo seg saman. Fyrst på Solør i 1994, så på Jæren i 1998 og til slutt på Valebø i 2002.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre