Norman Foster Ramsey jr.

amerikansk fysikar

Norman Foster Ramsey jr. (27. august 19154. november 2011) var ein USA-amerikansk fysikar frå Washington, D.C.

Norman Foster Ramsey jr.
HD.4G.049 (10537741015) crop.jpg
Fødd27. august 1915
Washington
Død4. november 2011
Middlesex County
NasjonalitetUSA
Områdekjernefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
University of Michigan
Columbia University
Carnegie Institution for Science
University of Illinois i Urbana-Champaign
Alma materUniversity of Cambridge
Leavenworth High School
Columbia University
DoktorgradsrettleiarIsidor Isaac Rabi
MedlemNational Academy of Sciences
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society
Norman Ramsey (t.v.) i 1970.

Mora underviste matematikk og faren var offiser. Ramsey tok doktorgrad i fysikk ved Columbia University i 1940, men flytte seinare til Harvard University. Her utvikla han Isidor Rabi sin metode til å undersøkja molekyl og atom. I dag vert metoden hans ganske enkelt kalla Ramsey-metoden. Metoden har spelt ei nykelrolle ved utviklinga av MR-maskina, NMR-spektroskopi og atomklokker.

I 1960 utvikla Ramsey sjølv ei atomklokke basert på ein hydrogen-maser, noko som i dag vert gjort nytte av av GPS-teknologi.

I 1989 fekk Ramsey nobelprisen i fysikk saman med landsmannen Hans G. Dehmelt og tyske Wolfgang Paul.

KjeldeEndra