Norman Kjærvik

informasjonskonsulent og forfattar

Norman Kjærvik (fødd 1957) er ein norsk informasjonssjef og forfattar. Han er oppvaksen i Øvre Årdal i Årdal kommune og busett i Luster. Kjærvik har allsidig bakgrunn frå friluftsliv i norske fjell, i hovudsak frå Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Han har vore breinstruktør i Den norske turistforening og breførar på Nigardsbreen i Jostedalen. Kjærvik har skrive ei rekke artiklar om friluftsliv i tidsskrift og aviser, i tillegg til at han har skrive og redigert bøker. Frå 1986 til 2002 var han styremedlem i Luster Turlag, av dei to år som leiar.

Norman Kjærvik

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1957 (67 år)
Yrke skribent

Kjærvik er tilsett i energiselskapet Statkraft.

Bibliografi endre

Bøker endre

I bøker - eit utval endre

Kjelder endre

  • Norman Kjærvik (2002). Fjell : på tur i Breheimen og Jotunheimen. Leikanger: Skald. ISBN 82-7959-030-7. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.