Ein varmluftsballong er eit luftfartøy som flyg ved at varm luft vert blese inn i ein ballong som er open i nedre enden, der ein gassbrennar varmer opp lufta. Dette gjev oppdrift fordi varm luft er lettare enn kald luft.

Varmluftballong under oppfylling
Varmluftsballongar over vestbreidda av Nilen i Luxor, Egypt, februar 2008.

Ballongen endre

Han består av ein stor ballong, gjerne laget av nylon, polyester eller polyamid. Duken veg normalt 40–50 gr/m² som er ganske lik spinnaker eller teltduk.

Sjølve storleiken på ballongen er delt opp frå X1 til X7. Ein X5 er på rundt 50 000 kubikkfot (truleg på grunn av konkurransereglar). Duken er av type rip-stop som gjer at duken ikkje rivnar så lett. Han er òg handsama for å gjere han tett. Den nedste delen av ballongen består av eit mindre brennbart materiale.

Forma på ballongen kan vere alt frå åtte vertikale delar (gore på engelsk) til 20–30 vertikale delar. Jo færre delar, jo meir «tradisjonell» ballongfasong får han.

Det finst kring 10–12 ballongprodusentar i verda. Nokre av dei store er Cameron, Lindstrand, Aeromagic, Aerostar og Kubicek. Det finst òg fleire miljø som syr sine eigne ballongar. Alt ein treng er ein industrisymaskin som bør ha 2 nåler. Populære symaskinar her i Europa er Pfaff, Singer eller Ruki. I tillegg treng ein om lag 1000 lengdemeter rip-stop-nylon. Dette kan kjøpast frå produsent i England, Sør-Afrika, Frankrike eller USA. For å avlaste stoffet og unngå at stoffet rivnar nyttar ein vertikale «web-band» som går frå toppen av ballongen og ned til der wirane frå kurven er festa.

På toppen av ballongen er det ein fallskjerm (kalott) som kan trekkast ned for å regulere temperaturen i hylstret (stoffet i ballongen), slik at ein kan regulere nedstigingsfarten. Kalotten har ein mekanisme som gjer at han foldar seg ut, når ein har den nedstigingsfarten ein ønskjer. Det kan òg vere ei luke midt på ballongen for kunne rotere ballongen.

Under ballongen er det eit hol på eit par meter i diameter. Under denne heng ein butangassbrennar som varmar opp lufta i ballongen. Under gassbrennaren heng det ein kurv som kan løfte ein eller fleire personar. Ein varmluftballong kan berre manøvrerast opp eller ned ved hjelp av gassbrennaren. Horisontal forflytting er det vinden som avgjer.

Historie endre

 
Julius Caesar Ibbetson: - George Biggins i ein Lunardi varmluftsballong

Varmluftballong vart første gong demonstrert for publikum i Paris i 1782brørne Montgolfier sende av garde ein ballong med ein sau, ei and og ein hane som svevde 3 kilometer avgarde før han landa etter åtte minutt. Året etter, den 21. november 1783 vart det sendt to menneske til vêrs i Paris. Verdas første «flypassasjerar» var Pilâtre de Rozier og Marquis d'Arlandes.

Varmluftballongar er ikkje noko viktig som transportmiddel, og dei vert nesten utelukkande nytta til hobbyverksemd. Det er sjeldan med oppdrag for reklameflyging eller turar med heilt spesielle turistar. Det vert arrangert enkelte konkurransar for ballongar.

Det er gjort forsøk på å lage store varmluftballongar til frakt av menneske og til godstransport (zeppelinar). Desse har propell for framdrift og er enormt store.

Alle varmluftballongar er underlagt kontroll av Luftfartstilsynet og skal registrerast i Norges luftfartøyregister. Ballongar blir registrert LN-C[XX]. Dei to siste bokstavane kan eigaren sjølv avgjere, og ein nyttar ofte sine eigne initialar så sant dei er ledige.

Ved flyging utanfor kontrollert luftrom er det ikkje krav til flyradio. På grunn av storleiken er ikkje ballongar noko problem for småfly og seglfly. Når rutefly flyr etter instrumentflygereglar, eventuelt i skyar vil ein sjanse for at det kan ver ein ballong i luftrommet kunne stoppe flytrafikken.

Ballongflyging i Noreg endre

Luftballongen «Norge» hadde sin første oppstiging frå Kontraskjæret ved Akershus festning 20. februar 1910.

I Noreg er ballongsport organisert i Ballongseksjonen i Norges Luftsportforbund. Det finst om lag 10–12 personar som flyg aktivt.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre