Norsk Kvernsteinsenter

Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad i Ytre Sogn er eit norsk museum som har som mål å bidra til forsking, forvalting, formidling og verdiskaping knytt til norsk kvernsteinhistorie. Den mest sentrale delen av senteret er Kvernsteinsparken.

Norsk Kvernsteinsenter

StadHyllestad
Skipa2009
Kart
Norsk Kvernsteinsenter
61°10′04″N 5°18′00″E / 61.1677°N 5.29998°E / 61.1677; 5.29998

Kvernsteinsparken vart opna av dronning Sonja 11. juni 2002 og fortel deler av den norske kvernsteinshistoria. Her finn ein gruver og berg der ein kan sjå spor etter uttak av kvernstein, ein produksjon ein kan spore tilbake til vikingtida og mellomalderen. Kvernsteinen har vore sentral for utvikling av industri og handel heilt frå vikingtida fram til mellomkrigstida. Kvernsteinsbrotet i Hyllestad var størst til og med mellomalderen.

Norsk Kvernsteinsenter vart etablert som stifting 18. juni 2009 av Hyllestad kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. 1. januar 2013 vart Norsk Kvernsteinsenter ei avdeling innanfor den konsoliderte eininga Musea i Sogn og Fjordane. Norsk Kvernsteinsenter har kontor i sentrum av Hyllestad, tett ved Kvernsteinsparken.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

61°10′04″N 5°18′00″E / 61.16770°N 5.29998°E / 61.16770; 5.29998