Norsk Retstidende er ein publikasjon som i dag blir gitt ut av Den Norske Advokatforening. Den har hatt dette namnet sidan 1909, men har hatt føregjengarar tilbake til 1836. Den inneheld dei fleste dommane og orskurdane frå Høgsterett og Høgsteretts ankeutval. Tidlegare inneheldt Norsk Retstidende også juridiske artiklar. Til og med 1969 blei også juridiske kandidater sine eksamenskarakterar publisert i Norsk Retstidende.

Sjølv om Lovdata i dag i stor grad har overteke Retstidende si rolle som kjelde for avgjerder frå Høgsterett, er det framleis vising til års- og sidetal i Retstidende som blir brukt til å identifisere ei avgjerd. Til dømes viser ein til «Rt. 1975 s. 220 (husmordommen)». Med dette meiner ein at dommen står i Retstidende frå 1975 på side 220. Namnet i parentes er eit eksempel på eit «kallenamn», som gjer det lettare å hugse dommen, og på denne måten også vise til den. Ein kan vise til dommen berre som «Rt. 1975 s. 220», som er det mest formelle. Og ein kan vise til den med berre kallenamnet «husmordommen», noko som er mindre formelt og mest vanleg å gjere viss det er snakk om svært kjende dommar. Eller ein kan bruke beggge delar. «Rt. 1975 s. 220» kan også skrivast som «Rt. 1975-220».

Sjå ogsåEndra

KjelderEndra