Norsk Sykepleierforbund

Norsk Sykepleierforbund (NSF) er ein norsk fagorganisasjon for autoriserte sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, jordmødrer, helsesjukepleiarar og sjukepleiestudentar. Organisasjonen vart stifta 24. september 1912 av Bergljot Larsson. Forbundet er fjerde største fagforbundet i Noreg, med 120 000 medlemar, og er det nest største forbundet i Unio.[2]

Norsk Sykepleierforbund


Trommekorpset til NSF i 1. mai-toget i Oslo i 2011. Sjå dette på Wikidata
Org.nr.960893506
Skipa24. september 1912
HovudkontorOslo
LandNoreg
Grunnleggjar(ar)Bergljot Larsson
Adm.dir.Lill Sverresdatter Larsen (2019),[1] Eli Gunhild By (2011), Lisbeth Normann (2007)
Nettstadhttps://www.nsf.no

NSF arbeider for medlemane sine interesser og rettar knytt til mellom anna løn, arbeidstid, tilsetting og pensjon. Det vert i tillegg arbeidd for å sette sjukepleiefaget, sjukepleieutdaninga og sjukepleiarane sin funksjon på dagsordenen.

Norsk Sykepleierforbund held landsmøte kvart fjerde år. Der vert det vald politisk leiing samansett av forbundsleiar, nestleiar og 2. nestleiar. For 2019-2023 er Lill Sverresdatter Larsen leiar.[3]

Leiarar i NSF endre

Frå 1. mars 2022 er Rune Hallingstad generalsekretær i Norsk Sykepleierforbund. Han tok over etter Olaug Flø Brekke, som hadde vore generalsekretær sidan sommaren 2012.[6][7]

Kjelder endre

  1. https://www.smp.no/ntb/innenriks/2019/11/07/Lill-Sverresdatter-Larsen-er-ny-leder-i-Sykepleierforbundet-20340142.ece.
  2. «Om NSF - Norsk Sykepleierforbund». www.nsf.no (på norsk). Henta 2. november 2021. 
  3. «Ny leder i sykepleierforbundet». khrono.no (på norsk). 7. november 2019. Henta 7. november 2019. 
  4. NTB (20. juni 1987). «Anne Karin Brokhaug ny sykepleier-leder». Tromsø 1987.06.20. Tromsø 1987 (på norsk). s. 17. Henta 21. september 2019. 
  5. Asbjørn Lindmo (5. oktober 1996). «Utfordring ingen hindring». Adresseavisen 1996.10.05. Adresseavisen 1996 (på norsk). s. 9. Henta 21. september 2019. 
  6. «Ny generalsekretær på plass i NSF» (på norsk). Arkivert frå originalen 13. desember 2017. Henta 12. desember 2017. 
  7. «Ny generalsekretær tilsatt». www.nsf.no (på norsk bokmål). Henta 23. mars 2022.