Laila Dåvøy
Laila Dåvøy (fødd 11. august 1948) er ein norsk politikar for KrF og organisasjonskvinne. Ho var barne- og familieminister 2001–2005 og arbeids- og administrasjonsminister 1999–2000. Frå 2005 er ho stortingsrepresentant for Hordaland. Ho har tidlegare vore leiar for Norsk Sykepleierforbund (1992–1998).
Laila Dåvøy | |||
Laila Dåvøy under valkampen 2009 Foto: Nina Aldin Thune | |||
Fødd | 11. august 1948 (76 år) Bergen | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Adecco | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bergen | ||
Alle verv |
|
Laila Dåvøy er fødd i Bergen, og er i dag busett på Askøy. Ho er utdanna sjukepleiar ved Haukeland sykepleierskole (1967–1970) med tilleggsutdanning innan sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen (1980) og administrasjon ved Diakonhjemmet Høgskole (1984). I åra frå 1972 til 1987 arbeidde ho som sjukepleiar i Bergen, ved Haukeland, Sandviken og Blå Kors. Seinare arbeidde ho med psykisk utviklingshemma, mellom anna ved HVPU-gruppa i Hordaland fylkeskommune. I tillegg har ho vore lærar ved Bergen Diakonissehjems Sykepleierhøgskole (1983–1989) og dagleg leiar i Ledelse & Dialog (2000–2001).
Ho har hatt fleire politiske verv på kommune- og fylkesnivå, ho har vore nestleiar i Landsstyret for kommunalt rusmiddelarbeid, og ho har vore medlem av KrFs sentralstyre og landsstyre. Ein kort periode i 1990 var ho statssekretær i Kyrkje- og kulturdepartementet under regjeringa Syse.
I 2004 vart Dåvøy utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Regjering
endre- 1. januar 1989–1. januar 1990: personleg sekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet
- 20. august 1990–3. november 1990: statssekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet
- 15. mars 1999–17. mars 2000: statsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet
- 19. oktober 2001–17. oktober 2005: statsråd i Barne- og familiedepartementet
Stortingskomitéar
endre- 2005–2009: medlem i Helse- og omsorgskomitéen
- 2009–2013: medlem i Helse- og omsorgskomitéen
Kjelder
endre- «Laila Dåvøy» på Wikipedia på bokmål, innhenta 5. januar 2010.
- Knut Olav Åmås [red.]: «Dåvøy, Laila» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).