Norsk Grammatik
Norsk Grammatik, skriven av Ivar Aasen, er ein norsk grammatikk som vart utgjeven i 1864. Boka er ei omarbeidd utgåve av Det norske Folkesprogs Grammatik som kom ut i 1848. Aasen hadde no fått større innsikt i grammatisk teori. Det viktigaste var likevel at 1864-utgåva av Norsk Grammatik er ein normativ (føreskrivande) grammatikk for eit nytt skriftmål, ikkje som 1848-utgåva ein deskriptiv (skildrande) grammatikk for talemålet.
Aasen meinte at norske bygdemål sett under eitt inneheldt eit sjølvstendig språk. Formålet med grammatikken var å framstille grunnreglane i dette norske språket slik det vart tala då boka vart skriven. Aasen sette her opp det endelege framlegget sitt til normal for det nye landsmålet.
Grammatikken har fem avdelingar:
- Lydlæra, ei forklaring over lydforrådet og uttalen.
- Ordformene, dei grunnformene og endingane som gjer at vi kan skilje orda frå kvarandre.
- Bøyingsformene, det vil seie dei grammatikalske formene orda får.
- Orddanninga, om systemet ord vert danna etter.
- Setningslæra, om korleis orda vert sette saman til setningar.
I to tilleggskapittel går han gjennom bygdemåla og landsspråket. Aasen meinte at den skriftlege forma av landsspråket burde «være den fuldkomneste, reneste og værdigste Form av Folkets Tale». Boka framstilte det norske folkespråket, men ho var skriven på dansk.
Litt om bøyingsformene
endreAv boka på 390 sider er kapitlet om bøyingsformer det største, med meir enn 100 sider. Her er det berre plass til nokre døme på formene Ivar Aasen sette opp i grammatikken:
Substantiv
endreSterke hankjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Dom | Domen | Domar | Domarne |
(Dativ) | - | (Dome) | - | (Domom) |
Genitiv | Doms | - | Doma | - |
Linne hankjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Ende | Enden | Endar | Endarne |
(Dativ) | - | (Enda) | - | (Endom) |
Genitiv | Enda | - | (Enda) | - |
Sterke hokjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Skaal | Skaali(n) | Skaaler | Skaalerna |
Dativ | - | Skaalenne | - | Skaalom |
Genitiv | Skaalar | - | Skaala | - |
Linne hokjønnsord:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Visa | Visa(n) | Visor | Visorna |
Dativ | - | Visonne | - | Visom |
Genitiv | Viso | - | (Viso) | - |
Inkjekjønnsord utan ending og med ending på -e::
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Aar | Aaret | Aar | Aari(n) |
Dativ | - | Aare | - | Aarom |
Genitiv | Aars | - | (Aara) | - |
Inkjekjønnsord som endar på -a:
Kasus | ubunden, eintal | bunden, eintal | ubunden, fleirtal | bunden, fleirtal |
Nominativ og akk. | Auga | Augat | Augo | Augo(n) |
Dativ | - | Auga | - | Augom |
Genitiv | Auga (o?) | - | Augna | - |
Pronomen
endreKasus | 1.person eintal | 1.person fleirtal | 2.person eintal | 2.person fleirtal |
Nominativ | eg | me | du | de |
Objektiv | meg | oss | deg | dykk |
Genitiv | - | (okkar) | - | dykkar |
kasus | 3.person hankjønn | 3.person hokjønn | 3.person inkjekjønn | 3.person fleirtal |
Nominativ | han | ho | det (dat) | dei |
Objektiv | honom | henne | det | deim |
Genitiv | hans | hennar | dess | deira |
Verb
endreVerba har fire framstillingsmåtar (modus),nemleg forteljande (indikativ), forbindande (konkunktiv), bedande (imperativ) og ubunden (infinitiv). Dei vert bøygde i tre tider; fortid (preteritum/imperfektum), samtid (presens) og framtid (futurum) og to talformer; eintal og fleirtal.
Dei sterke verba følgjer seks klasser etter lydskiftet i vokalen, her følgjer nokre døme:
kl. | infinitiv | presens eintal | presens fleirt. | imp. eintal | imp. fleirtal | supinum |
1. | finna | finn | finna | fann | funno | funnet |
. | bresta | brest | bresta | brast | brosto | brostet |
2. | sitja | sit | . | sat | saato | setet |
3. | bita | bit | bita | beit | bito | bitet |
4. | njota | nyt | njota | naut | nuto | notet |
5. | fara | fer | . | for | foro | faret |
6. | ganga (el. gaa) | gjeng | . | gjekk | gingo | gjenget |
Hovedmerket for dei svake verba er at dei i fortid endar på ein d som nokre gonger leggjast til rotstammen, andre gonger etter ein innskoten a (lag-de eller kast-a-de). Etter s, t, p, og k vert d'en omgjort til ein t, av og til òg etter r, l og n. I supinum endar dei på -t, i partisipp på -d.
Nokre døme:
kl. | infinitiv | presens eintal | presens fleirt. | imp. eintal | imp. fleirtal | supinum |
1. | telja | tel | telja | talde | talde | talt |
. | tru | trur | . | trudde | . | trutt |
2. | døma | dømer | døma | dømde | dømde | dømt |
. | hava | hever | hava | hadde | hadde | havt |
3. | kasta | kastar | kasta | kasta | kastade | kastat |
Konjunktivformene av desse verba er telje, døme, kaste; imperativformene i eintal tel!, døm! og kasta!.
Adjektiv
endreBøying av sterke og svake adjektiv i kjønn og tal i bunden og ubunden form:
Adjektiv | hankj. eintal | hokj. eintal | inkjekj. eintal | hankj.fleirtal | hokj. fleirtal | inkjekj. fleirtal |
Ubunden form | stor(er) | stor | stort | store | stora | store |
Bunden form | store | stora | stora(e) | store | store | store |
Ubunden form | open | opi | opet | opne | opna | opne |
Bunden form | opne | opna | opna | opne | opne | opne |
Talord
endreTalorda har eit fullstendig og eit enklare, meire alminneleg bøyingsmønster. Det alminnelege mønsteret:
. | Hankjønn | hokjønn | inkjekjønn |
1 | ein | ei | eit(t) |
2 | tvo | tvo | tvau |
3 | tri | tri | try |
4 | fjore | fjora | fjore |
Sjå òg:
endreKjelder:
endre- Ivar Aasen: Norsk Grammatik, Alb. Cammermeyers Forlag, 2. opl. 1899