North-West Mounted Police

(Omdirigert frå North West Mounted Police)

North-West Mounted Police var ein paramilitær politistyrke i Canada som blei skipa i 1873 som eit «mellombels» eksperiment i politimynde i distrikta. Dei nye Nordvestterritoria i Canada, som var blitt danna etter overføringa av Rupert’s Land og North-Western Territory til Canada frå Hudson’s Bay Company i 1870. Uro som det såkalla Red River Rebellion og lovløyse, som i Cypress Hills Massacre, i tillegg til frykt for militær innverknad frå USA, bidrog til ønsket om å oppretta ein slik styrke. Styrken hadde uniformer med raude jakker som medvite likna britiske og kanadiske militæruniformer.

North-West Mounted Police
Royal Northwest Mounted Police
Skipa23. mai 1873
MottoMaintien le droit
Oppløyst1. februar 1920
Medlemmer av North West Mounted Police i 1900.

Historie endre

Det fanst ikkje noka større politistyrke i Canada då dei første busetjingane blei grunnlagde. Då den kanadiske konføderasjonen blei skipa i 1867, var det nokre få heiltidstilsette konstablar i dei største byane, som Montreal og Toronto, og den vesle «Dominion Police Force» handheva dei konføderale lovane. Småbyane og landdistrikta hadde ikkje noko politi. Lova blei handheva av konstablar eller soldatar som var mellombels utnemnde av domstolane. I 1870, då Canada kjøpte landet nord for den amerikanske grensa mellom Great Lakes og Rocky Mountains, bestemte den kanadiske regjeringa at det var nødvendig med eit politiorgan. Eit enormt område som var sparsamt folkesett med pelshandlarar, fangstfolk og pelsjegerar ville vera heilt ope for nybygging. Utan fast styring kunne den plutselege straumen av nybyggarar inn på dei tradisjonelle områda til urfolk føra til konflikt og vald. Slik vald kunne føra til tap av menneskeliv, og dessutan hadde ikkje Canada råd til nokon omfattande krig med urfolk som kunne utarme landet fullstendig. Den kanadiske regjeringa ønskte ein betre måte å handtera nybyggarane på og sikra at urfolk fekk ei rettferdig behandling. Ein vedtok å skipa ein paramilitær politistyrke for å halda på orden i områda i vest som var folkesette av nybyggarar. Denne styrken blei grunnlagd i 1873 og kalla Det nordvestre ridande politiet (NWMP). Meininga var å oppløysa henne når området var ferdig folkesett på ein fredeleg måte. Styrken rekrutterte i byrjinga 150 mann, men snart hadde talet auka til 300. NWMP dekte området sitt til hest og bar dei berømte raude uniformsjakkene sine. I løpet av dei neste åra etablerte NWMP ein nær kontakt med urfolka og førebudde dei på traktatforhandlingar. Dei opptredde også som mellommenn i konfliktar med nybyggarane.

Styrken blei auka til 500 i 1883 og fekk større ansvar som også innebar å sørga for fred under bygginga av den kanadiske stillehavsjernbanen (Canadian Pacific Railway). Etter eit metis-opprør i 1885, leia av Louis Riel, blei styrken auka til 1000 mann. Eit veldig gullrush i Yukon ved hundreårsskiftet forsterka moglegheita for valdsamheit då ei mengd gullgravarar samla seg i området. Nærværet av NWMP sørgde for at gullrushet gjekk føre seg i ordna former. Då gullrushet var over, retta NWMP merksemda mot Aust- og Vest-Arktis, der styrken opna underavdelingar for å dempa påstått misbruk av urbefolkninga og trugsmål frå europeiske land mot kanadisk suverenitet. No var NWMP stilltiande blitt akseptert som ein fast institusjon. I 1904 føya kong Edvard VII «kongeleg» til namnet til styrken som ei anerkjenning av det han hadde utretta.

I 1920 blei Royal Canadian Mounted Police danna gjennom ei samanslåing av Royal North-West Mounted Police[1] og Dominion Police, som hadde hatt ansvar for føderal lovhandheving, etterretning og tryggleik kring parlamentet.[2]

Kjelder endre

  1. «North-West Mounted Police». The Canadian Encyclopedia. Henta 12. august 2022. 
  2. «Dominion Police». The Canadian Encyclopedia. Henta 12. august 2022.