Royal Canadian Mounted Police

Royal Canadian Mounted Police (RCMP; engelsk) eller Gendarmerie royale du Canada (GRC; fransk), i daglegtale kalla «mounties»,[2] er ein kanadisk nasjonal politietat av ridande politi. Etaten har ansvar for føderale og nasjonale politioppgåver, og tilbyr regionale og lokale polititenester gjennom kontrakt til provinsane og kommunane i Canada.

Royal Canadian Mounted Police

TypePoliti
VirkefeltCanada
Skipa1. februar 1920
HovudkontorOttawa
MottoMaintiens le droit
Tilsette30 558 (1. april 2021)[1]
Nettsidercmp-grc.gc.ca
Gallaantrekk med stetsonhatt.
Tenesteantrekk sommar.
Tenesteantrekk vinter.
Kravallutstyr.

Historie endre

RCMP har bakgrunn i North West Mounted Police, som blei skipa i 1873 som eit «mellombels» eksperiment i politimynde i distrikta. Det fanst ikkje noka større politistyrke i Canada då dei første busetjingane blei grunnlagde. Då den kanadiske konføderasjonen blei skipa i 1867, var det nokre få heiltidstilsette konstablar i dei største byane, som Montreal og Toronto, og den vesle «Dominion Police Force» handheva dei konføderale lovane. Småbyane og landdistrikta hadde ikkje noko politi. Lova blei handheva av konstablar eller soldatar som var mellombels utnemnde av domstolane. I 1870, då Canada kjøpte landet nord for den amerikanske grensa mellom Great Lakes og Rocky Mountains, bestemte den kanadiske regjeringa at det var nødvendig med eit politiorgan. Eit enormt område som var sparsamt folkesett med pelshandlarar, fangstfolk og pelsjegerar ville vera heilt ope for nybygging. Utan fast styring kunne den plutselege straumen av nybyggarar inn på dei tradisjonelle områda til urfolk føra til konflikt og vald. Slik vald kunne føra til tap av menneskeliv, og dessutan hadde ikkje Canada råd til nokon omfattande krig med urfolk som kunne utarme landet fullstendig. Den kanadiske regjeringa ønskte ein betre måte å handtera nybyggarane på og sikra at urfolk fekk ei rettferdig behandling. Ein vedtok å skipa ein paramilitær politistyrke for å halda på orden i områda i vest som var folkesette av nybyggarar. Denne styrken blei grunnlagd i 1873 og kalla Det nordvestre ridande politiet (NWMP). Meininga var å oppløysa henne når området var ferdig folkesett på ein fredeleg måte. Styrken rekrutterte i byrjinga 150 mann, men snart hadde talet auka til 300. NWMP dekte området sitt til hest og bar dei berømte raude uniformsjakkene sine. I løpet av dei neste åra etablerte NWMP ein nær kontakt med urfolka og førebudde dei på traktatforhandlingar. Dei opptredde også som mellommenn i konfliktar med nybyggarane.

Styrken blei auka til 500 i 1883 og fekk større ansvar som også innebar å sørga for fred under bygginga av den kanadiske stillehavsjernbanen (Canadian Pacific Railway). Etter eit metis-opprør i 1885, leia av Louis Riel, blei styrken auka til 1000 mann. Eit veldig gullrush i Yukon ved hundreårsskiftet forsterka moglegheita for valdsamheit då ei mengd gullgravarar samla seg i området. Nærværet av NWMP sørgde for at gullrushet gjekk føre seg i ordna former. Då gullrushet var over, retta NWMP merksemda mot Aust- og Vest-Arktis, der styrken opna underavdelingar for å dempa påstått misbruk av urbefolkninga og trugsmål frå europeiske land mot kanadisk suverenitet. No var NWMP stilltiande blitt akseptert som ein fast institusjon. I 1904 føya kong Edvard VII «kongeleg» til namnet til styrken som ei anerkjenning av det han hadde utretta.

I 1920 blei Royal Canadian Mounted Police danna gjennom ei samanslåing av Royal North-West Mounted Police[3] og Dominion Police, som hadde hatt ansvar for føderal lovhandheving, etterretning og tryggleik kring parlamentet.[4] Styrken blei no offisielt utvida til å vera ein nasjonal politistyrke. Same året blei hovudkvarteret flytta frå Regina i Saskatchewan til hovudstaden i Canada, Ottawa.

I 1928 byrja RCMP å utføra politiplikter utover føderal rettsmynde etter kontrakt med forskjellige provinsar og kommunar. Ifølgje den kanadiske grunnloven er handhevinga av loven eit provinsialt ansvar. Men fleirtalet av provinsane vedtok at dei kunne vareta dette ansvaret mest effektivt gjennom tenester frå det ridande politiet. I dag yter RCMP stadig desse tenestene. RCMP har det å sørga for ro og orden som hovudansvar, men styrken har òg bidratt sterkt til Canada si deltaking i krig. Medlemmer av RCMP tenestegjorde i boarkrigen og under 1. og 2. verdskrigen. I 1921 fekk etaten status som dragonregiment, noko som gjev han rett til å bera slagutmerkingar for tenesta si i krig.

Dagens RCMP/GRC endre

I dag er RCMP ein særs erfaren politistyrke med avansert teknologi. RCMP blir leia av ein politidirektør som er underlagt dei føderale styresmaktene gjennom riksadvokaten. Politidirektøren er òg underlagt statsadvokatane til provinsstyresmaktene i dei provinsane der RCMP utfører polititenester. Styrken har meir enn 16 000 politifolk og kring 5000 sivile tilsette. Han driv laboratorium der ein søker å løysa lovbrot over heile landet, eit datastyrt informasjonssenter for politisaker, den kanadiske politihøgskulen i Ottawa og eit utdanningssenter i Regina. Politihøgskulen tilbyr avanserte kurs til såvel medlemmer i styrken og til medlemmer av andre politistyrkar i Canada og frå verda elles.

Hovudansvarsområde endre

  • Kommunalt politi: RCMP fungerer som den kommunale politistyrken i ca. 200 kanadiske storbyar og byar.
  • Provinsialt politi: RCMP har kontraktavtaler om å yta polititenester til Yukon, Nordvestterritoria og 8 av 10 provinsar (Ontario og Quebec har eigne politistyrkar).
  • Føderal handheving av lova: RCMP handhevar kring 140 føderale lover og statutt kring narkotikasaker, vinningsbrotsverk, immigrasjon og passkontroll, tollavgifter og bedrageri.
  • INTERPOL: RCMP representerer Canada internasjonalt som medlem av INTERPOL. Styrken har òg sambandsoffiserar i 30 land.
  • RCMP speler ei betydeleg rolle som ein del av UNSMIH som er SN sin fredsbevarande operasjon på Haiti ved å hjelpa til med å trena nasjonalt politi der. Ein offiser frå RCMP var faktisk den fyrste politimeisteren for SN.
  • I 1984 overtok den kanadiske etterretningstenesta (CSIS) ansvaret for etterretning frå RCMP, men RCMP har framleis ansvar for den nasjonale trygginga.

Kjelder endre

  1. https://www.grc-rcmp.gc.ca/fr/au-sujet-grc.
  2. «Royal Canadian Mounted Police | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 21. februar 2023 
  3. «North-West Mounted Police». The Canadian Encyclopedia. Henta 12. august 2022. 
  4. «Dominion Police». The Canadian Encyclopedia. Henta 12. august 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Royal Canadian Mounted Police