Stormannsmøtet på Eidsvoll
(Omdirigert frå Notabelmøtet)
Stormannsmøtet på Eidsvoll (òg kalla Notabelmøtet) 16. februar 1814 vart halde på Eidsvollsbygninga på Eidsvoll verk etter initiativ av prins Kristian Fredrik. Møtet fekk stor historisk betydning på grunn av at det blei vedteke at det skulle kallast inn ei riksforsamling som skulle gje Noreg ei ny konstitusjon.
Av like stor betydning var at regenten Kristian Fredrik denne dagen gjekk med på å søkje kongemakt utfrå prinsippet om folkesuverenitet. Forut for møtet hadde han sett for seg at han skulle krevja trona som følgje av prinsippet om kongsslektas arverett til den norske trona uansett kva folket måtte meine.
Tilstades
endre- Biskop Fredrik Julius Bech
- Kammerherre Marcus Gjøe Rosenkrantz
- Konferensråd Mathias Sommerhielm
- Amtmann Jonas Collett
- Kammerråd Poul Christian Holst
- Etatsråd Hans Hagerup Falbe
- Generalauditør Christoffer Anker Bergh
- Professor Niels Treschow
- Professor Georg Sverdrup
- Admiral Otto Lütken
- Generalmajor Frederik Gottschalk von Haxthausen
- Oberst Christian D. A. Arenfeldt
- Oberst Johannes Klingenberg Sejersted
- Oberstløytnant Johan Friedrich Wilhelm Haffner
- Oberstløytnant Hans H. Rode
- Major Ludvig Frederik Brock
- Kammerherre Peder Anker
- Konferensråd Carsten Anker
- General Peter Anker
- Kjøpmann Carsten Tank
- Agent Jacob Nielsen
Bakgrunnsstoff
endre- Eidsvoll og Grunnlova 1814 frå Stortinget
- Notabelmøtet frå Eidsvoll 1814
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stormannsmøtet på Eidsvoll» frå {{Wikipedia-utgåve|no, den 4. mars 2013 revisjon
Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.