Opna hovudmenyen

Frederik Gottschalk von Haxthausen

Frederik Gottschalk von Haxthausen (fødd 14. juli 1750 København, død 6. juli 1825 i Christiania)[1] var ein dansk-norsk general. Han var førstestatsråd - statsminister - og finansminister i Noregs første regjering.

Frederik Gottschalk von Haxthausen
Frederik Gottschalk von Haxthausen av Wilhelm Holter, Eidsvoll 1814, EM.00263 (cropped).jpg
Frederik Gottschalk von Haxthausen.
Kopi måla av Wilhelm Holter til Selskapet til Eidsvoldsbygningens Udstyr.
Fødd 14. juli 1750

København, Danmark

Død 6. juli 1825 (74 år)
Christiania, Noreg
Yrke Offiser og politikar
Verv Regjeringsråd / Førstestatsråd
Sjef for 1. departement (finanssaker)
 - periode 2. mars 181420. august 1814
 - regjering Regjeringsrådet/statsrådet i 1814
 - føregangar Ingen, nyoppretta
 - etterfylgjar Marcus Gjøe Rosenkrantz
Ektefelle Cathrine Oldenburg
Barn Louise von Stedingk
Foreldre Friedrich Maximillian Gottschalk von Haxthausen
Juliane Dorothea von Eldern
Wikimedia Commons: Haxthausen family
Den nå freda hovedbygninga på Lille Frogner ble bygd av Haxthausen i 1790-åra.

Liv og gjerningEndra

Haxthausen var son av generalmajor og kommandant på Fredriksten festning Friedrich Maximillian Gottschalk von Haxthausen og Juliane Dorothea von Eldern.[1]

Han kom til Noreg i 1773 som premierløytnant ved Søndenfjeldske Infanteriregiment. I 1779 blei han utnemnd til sjef for det Opplandske infanteriregiment, og budde på Ringnes gard i Stange. I 1788 blei han utnemnd til generalkrigskommissær og gjorde teneste same år i felttoget mot Båhuslen som adjutant for prins Karl av Hessen.

I 1802 vart von Haxthausen direktør for Det militære Institutt - Krigsskolen - i Christiania med rang av generalmajor. I åra 1803 til 1810 budde han i København, men heldt likevel fast på alle sine norske embete. Han vart kommandant på Akershus festning i 1806.[1]

Haxthausen fekk stor innverknad på Kristian Fredrik etter at han var komen til Noreg i 1813. Han deltok ved stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814 og 2. mars blei han utnemnd til førstestatsråd (statsminister) og finansminister i den første regjeringa i Noreg.[2]

Under den svensk-norske krigen i 1814 vart Haxthausen urett skylda for forrædari, og 19. august, fem dagar etter Mossekonvensjonen, ble eigedomen og bustaden hans på løkka Lille Frogner omringa av ei opphissa menneskemengde som knuste rutene i huset og øydela hagen. Haxthausen måtte rømme frå byen og si frå seg stillingane sine. Han vart frikjend av riksretten i 1815 og gjekk ut av teneste i 1817.

Akershus festning gjekk ut av operativt militært bruk i 1814, og Haxthausen var slik den siste operative militære kommandant for festninga.

I 1879 fekk Haxthausen oppkalla ei gate etter seg. Haxthausens gate går frå Frognerveien til Gyldenløves gate langs den gamle søre grensa for Lille Frogner.

FamilieEndra

Frederik Gottschalk von Haxthausen gifta seg med Cathrine Oldenburg (1765–1843) i 1783. Ho var dotter av generalmajor Adam Christopher Oldenburg (1736–1803) og Marie født Schøller.[3] Han var far til overhoffmesterinne Louise von Stedingk, hoffdame hos dronning Desideria.[4]

UtmerkingarEndra

Haxthausen vart utnemnd til kommandør av Dannebrogordenen i 1809 og fekk storkrossen i 1811.[1]

KjelderEndra