Notto Jørgensen Tvedt

Notto Jørgensen Tvedt (29. oktober 179428. mars 1839) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Evje i Aust-Agder.

Notto Jørgensen Tvedt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1794
Evje og Hornnes kommune
Død

28. mars 1839 (44 år)
Evje og Hornnes kommune

Yrke bonde, lærar, politikar
Språk norsk

Tveit var son til ein gardbrukar og kyrkjesongar frå Evje. Han var sjølv skulehaldar frå 1812, og vart i 1820 tilsett som kyrkjesongar i Evje og Hornnes og Vegusdal. Frå 1817 var han aktiv som hjelpevaksinatør. Kring 1820 slo han seg ned som gardbrukar på Åneland i Evje. Tveit var presten sin medhjelpar frå 1825 til han døydde.

Tveit var medlem av forlikskommisjonen frå 1833, og frå 1837 av det fyrste heradsstyret i Evje, der han vart vald til ordførar. I 1836 var 1. representant frå Nedenes og Robygdelagets amtStortinget, der han var medlem av kyrkjekomiteen. Sameleis på omframstortinget 1836-37.

Tveit døydde på garden sin i Evje i 1839.

Kjelder endre