Novaja Ladoga

by i Russland

Novaja Ladoga (russisk Но́вая Ла́дога) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 140 km aust for Sankt Petersburg, der elva Volkhov munnar ut i Ladoga.

Novaja Ladoga
Новая Ладога
by
Land  Russland
Region Leningrad oblast
Folketal 7 147 (2024)
Bystatus 1704
Retningsnummer +7 81363
Kart
Novaja Ladoga
60°06′07″N 32°18′20″E / 60.101944444444°N 32.305555555556°E / 60.101944444444; 32.305555555556
Wikimedia Commons: Novaya Ladoga
Novaja Ladoga i 1911. Foto av Sergej Prokudin-Gorskij.

St. Nikolas-klosteret stod frå 1400-talet på staden der byen i dag ligg, men den nærliggande busetnaden (sloboda) vart lenge overskugga av den første russiske hovudstaden, Staraja Ladoga, som låg berre nokre få kilometer lengre opp i Volkhov-elva. I 1704 bygde Peter den store festningsverk ved klosteret og gav ordre om at folkesetnaden i Staraja Ladoga skulle flyttast til landsbyen ved klosteret. Den nygrunnlagde byen voks i samband med bygginga av Ladogakanalen og Volga-Austersjø-kanalen på 1700- og 1800-talet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Novaja Ladoga