Ladogakanalen (russisk Лaдожский канал, Ladozjskij kanal) er ein historisk vassveg langs sørbreidda av innsjøen Ladoga i Leningrad oblast i Russland. Kanalen knyter saman elvene Neva og Svir, og vart bygd for å unngå den farlege og stormfulle ruta over Ladoga. Kanalen er 117 km lang, og består av to skilde kanalar: Gamle Ladogakanal (bygd 1719-1810, tidlegare kjent som Peter I's kanal) og Nye Ladogakanal (bygd 1866-1883), som går parallelt med den gamle, frå Sviritsa ved Svir via Novaja Ladoga ved Volkhov til Sjlisselburg ved Neva. Kanalane er i dag i stor grad gjengrodde.

Slusa ved Sjlisselburg

Historie endre

 
Kart over kanalen frå 1742
 
Gamle Ladogakanal i dag

Ladogakanalen var ein av dei første store kanalane som vart bygde i Russland. Han var eit av prosjekta til Peter den store, og det var han som gav ordre om å bygga av kanalen i 1718. Rask økonomisk utvikling i Russland kravde ei betydeleg utviding av transportrutene i landet, spesielt vassvegar. Ein del av Vysjnij Volotsjok-vassvegen (1709) som knytte elva Volga til Austersjøen gjekk over innsjøen Ladoga. Ladoga-delen av vassvegen var ein av dei vanskelegaste og farlegaste, sidan innsjøen er utsett for vind og stormar som gjennom åra hadde øydelagt hundrevis av fraktebåtar.[1]

Peter den store avgjorde at for å unngå farten over den store og stormfulle innsjøen skulle det byggjast ein kanal forbi han. Byggearbeida starta i 1719. Aleksandr Mensjikov gav ansvaret for prosjektet til venen sin, general Skornjakov-Pisarev, men han måtte til slutt trekkja seg på grunn av tiltaler om inkompetanse, aktløyse og sommel. Hausten 1723 inspiserte tsaren personleg byggeplassen, og han var særs misnøgd med framdrifta i arbeidet, og gav ordre om å arrestera Skornjakov-Pisarev. Oppgåva med å fullføra kanalen vart gjeve til Burkhard Christoph von Münnich, som i stor grad brukte soldatar som arbeidskraft.

 
Tømmerflåtar på Peter I-kanalen. Bilete frå tidleg 1900-tal av Sergej Prokudin-Gorskij.
 
Nye Ladogakanal overgrodd av takrøyr (Phragmites australis).

Ein 29 kilometer lang seksjon mellom elva Volkhov og landsbyen Tsjornoje vart fullført og opna for trafikk i 1726. Dette sette òg fart i det vidare byggearbeidet, då den ferdige seksjonen vart brukt til å levera forsyningar til byggeplassen. Det vart bygd sluser ved Sjlisselburg og Novaja Ladoga for å halda ved like naudsynt djupn i kanalen. Bygginga av kanalen vart fullført i 1730, og våren 1731 kunne dei første båtane segla langs kanalen mellom elvene Volkhov og Neva (den eigentlege Ladogakanalen).[1][2]

Det viste seg likevel at kanalen hadde ei djupn på mindre enn ein meter, mykje mindre enn det Peter I hadde sett for seg. Dette var eit stort vonbrot for regjeringa. Sjølv om kanalen var eit av dei største vassbyggingsanlegga i Europa på 1700-talet, så var han likevel for grunn til å kunna oppretthalda trafikk av tyding. Katarina den store vedtok å utvida kanalen ved å byggja ein ny seksjon mellom elvene Volkhov og Sias. Dette prosjektet (òg kalla Sias-kanalen) vart gjennomført mellom 1765 og 1802. Den tredje delen av Ladogakanalen, som knytte saman elvene Sias og Svir (og kalla Svir-kanalen), vart bygd mellom 1802 og 1810.[3]

I løpet av 1800-talet vart Ladogakanalen brukt av rundt 15 000 fartøy og 10 000 flåtar med kurs for St. Petersburg kvart år. Men kanalen vart etterkvart så gjenfylt av silt og slam at Aleksander II si regjering kom fram til at det var meir praktisk å byggja ein ny kanal i staden for å reparera dei gamle anlegga. Nye Ladogakanal vart bygd mellom den gamle kanalen og Ladoga frå 1866 til 1883.[4]

Etterkvart som ein bygde ut jernbanenettet i Russland vart kanalen mindre viktig. I tillegg medførte utbygginga av Volga–Austersjøkanalen at båtane vart større og betre i stand til å handtera tilhøva på Ladoga. Dermed vart Ladogakanalene neglisjert og byrja å forfalla. Gamle Ladogakanal grodde att og hadde falle ut av bruk i 1940. Nye Ladogakanal vert framleis brukt av mindre båtar.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Nezjikhovskij Р.А., «Reka Neva», 3. utg., Leningrad: Hidrometeoizdat, 1973. s. 158.
  2. Jones, Robert E. (1984). Getting the Goods to St. Petersburg: Water Transport from the Interior 1703-1811. Slavic Review 43 (3), 413-433.
  3. Nezjikhovskij s. 160
  4. Nezjikhovskij s. 162

Bakgrunnsstoff endre