Nowhere to Run
Nowhere to Run Singel av Martha and the Vandellas frå albumet Dance Party | ||
B-side |
«Motoring» | |
---|---|---|
Utgjeve | 10. februar 1965 | |
Innspelt | Hitsville U.S.A. (Studio A); 21. oktober 1964 | |
Sjanger | Pop, soul | |
Lengd | 2:48 | |
Selskap | Gordy
G 7039 | |
Låtskrivar(ar) | Holland–Dozier–Holland | |
Produsent | Lamont Dozier, Brian Holland | |
Martha and the Vandellas-kronologi | ||
«Wild One» (1964) |
Nowhere to Run | «You've Been in Love Too Long» (1965)
|
«Nowhere to Run» er ein popsong frå 1965 av Martha and the Vandellas, gjeve ut for Gordy (Motown) og ein av signaturlåtane til bandet. Songen er skriven og produsert av produksjonsteamet til Motown, Holland–Dozier–Holland, og skildrar ei kvinne som er fanga i eit dårleg forhold med ein mann ho uansett elskar.
Oversyn
endreHolland-Dozier-Holland og Funk Brothers gav songen ei stor, hardt drivande instrumentering som minna om den tidlegare singelen «Dancing in the Street».
Songen kom ut på det tredje albumet deira, Dance Party og singelen nådde åttandeplassen på Billboard Pop Singles-lista og femteplassen på Billboard R&B Singles-lista.[1] Songen nådde òg 26. plassen på lista deira i Storbritannia. B-sida til singelen var «Motoring».
Versjonen deira vart rangert på 367. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]
The Dynamic Superiors spelte inn ein discoversjon av songen i 1977.
Medverkande
endre- Solovokal av Martha Reeves
- Korvokal av Rosalind Ashford & Betty Kelly
- Skriven av Brian Holland, Lamont Dozier og Edward Holland jr.
- Produsert av Lamont Dozier og Brian Holland
- Alle instrument av The Funk Brothers
- Benny Benjamin: trommer
- James Jamerson: bassgitar
- Earl Van Dyke: elektrisk piano
- Jack Ashford: perkusjon, tamburin, vibrafon
- Ivy Jo Hunter: perkusjon (bjøller)
- Robert White: gitar
- Eddie Willis: gitar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nowhere to Run» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 378.
- ↑ «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Arkivert frå originalen 8. februar 2009. Henta 4. august 2016.
368: «Got My Mojo Working» Muddy Waters |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 367 «Nowhere to Run» Martha & the Vandellas |
366: «Little Wing» Jimi Hendrix |