Nuba i Hebron
Nuba (arabisk نوبا) er ein palestinsk landsby som ligg 11 kilometer nordvest for Hebron. Landsbyen høyrer til Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 4 336 i 2007.[2]
Nuba | |||
نوبا | |||
kommune | |||
Namneopphav: tyder truleg «ein topp»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°36′25.96″N 35°02′12.24″E / 31.6072111°N 35.0367333°E | ||
Folketal | 4 336 (2007) | ||
Nuba i Hebron 31°36′26″N 35°02′12″E / 31.607211111111°N 35.036733333333°E | |||
Kart som viser Nuba i Hebron.
| |||
Wikimedia Commons: Nuba, Hebron |
Historie
endreLandsbyen er nemnt seint på 1300-talet i eit dokument av mamelukk-sultanatet som styrte Palestina frå Kairo, der tre landsbybuarar er kalla «ar'ru'asā (leiarane) i landsbyen Nūbā».[3]
Osmansk tid
endreNuba vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596, landsbyen oppført i skattelister som ein del av i Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 82 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Nuba som «ein liten landsby oppå ein låg ås, med ein brunn kring 1,5 km mot aust.»[5]
Det britiske mandatet
endreI folketeljinga i 1922 hadde Nuba' 357 innbyggjarar, alle muslimar.[6] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 611 muslimar, i 140 hus.[7]
I 1945 var folketalet i Nuba 760 arabarar, som eigde 22 836 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 403 mål var plantasjar og irrigert land, 10 116 for korn,[9] medan 33 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 405
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 118.
- ↑ Singer, 1994, s. 36.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 124
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309
- ↑ Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10. .
- ↑ Mills, 1932, s. 33
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
- Denne artikkelen bygger på «Nuba, Hebron» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2. (p.124)
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Singer, Amy (1994). palestinsk peasants and Ottoman officials: rural administration around sixteenth-century Jerusalem (3rd, illustrated utg.). Cambridge University Press. ISBN 0-521-47679-8.