Jodrell Bank Observatory
(Omdirigert frå Nuffield Radio Astronomy Laboratories)
Jodrell Bank Observatory (opphavleg Jodrell Bank Experimental Station, så Nuffield Radio Astronomi Laboratories frå 1966 til 1999) er eit britisk observatorium med fleire radioteleskop. Det er ein del av Jodrell Bank Centre for Astrophysics ved University of Manchester. Observatoriet vart grunnlagd i 1945 av sir Bernard Lovell, ein radioastronom ved University of Manchester som ønskte å undersøke kosmisk stråling etter at han hadde arbeidd med radar under andre verdskrigen. Det har sidan spelt ei viktig rolle i forskinga på meteorar, kvasarar, pulsarar, maserar og gravitasjonslinser, og var sterkt involvert i å spore romsonder i starten av romalderen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jodrell Bank Observatory» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juni 2016.