NunatuKavut (inuktitut ᓄᓇᑐᑲᕗᑦ) er eit ikkje-anerkjend inuittisk territorium i Labrador-regionen. NunatuKavut-folk (også kalla Inuit-Metis eller Labrador Metis) er direkte etterkomarar etter inuittar som budde sør for Churchillelva eller Grand River før europeisk kontakt, med europeisk påverknad frå baskiske og franske kvalfangarar.[1]

NunatuKavut
region
Land  Canada

Nunatuĸavut eller NunatuKavut IPA[ˈnuːnətuːhəvuːt] tyder 'vårt eldgamle land' på den gamle inuttut-dialekten til NunatuKavummuit-folk. Nunatuĸavut-regionen omfattar sørlege Labrador, frå Grand River sør til Lodge Bay og vest til den offisielle grensa mellom Quebec og Labrador. Området der ein bruker land er meir omfattande.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Stopp, Marianne (2002). «Reconsidering Inuit presence in southern Labrador». Études/Inuit/Studies 26 (2): 71–106. doi:10.7202/007646ar. 
  2. Belvin, Cleophas (2006). The Forgotten Labrador. MQUP. ISBN 0-7735-3151-3. 

Bakgrunnsstoff endre