Nuoro
Nuoro (sardisk Nùgoro) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Nuoro på Sardinia og har om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg i fjellsida av Ortobene og vart grunnlagd under fascistperioden og er det administrative senteret i eit av dei minst folkesette områda i Europa.
Nuoro | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sardinia | ||
Provins | Nuoro | ||
Areal | 192,06 km² | ||
Folketal | 33 850 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 8100 | ||
Retningsnummer | 0784 | ||
Nuoro 40°19′12″N 9°19′41″E / 40.3200621°N 9.3280792°E | |||
Wikimedia Commons: Nuoro |
Han ligg i dei sentrale fjella på Sardinia med flott utsyn over omgjevanadane. Nuoro har vorte kalla «Sardinia sitt svar på Aten» på grunn av dei mange diktarane, forfattarane og intellektuelle som her tok del i den forholdsvis originale kulturen.[1]. Han er heimstad for Grazia Deledda, som vann nobelprisen i litteratur i 1926. Provinsen har vore heimstad til andre kunstnarar og vitskapsfolk, som skulptøren Francesco Ciusa Romagna.
Ein annan kjend forfattar frå Nuoro er Salvatore Satta.
Området er kjent for den lange levealderen til menneskene i område, som Antonio Todde som frå 5. mars 2001 til 3. januar 2002 var verdas eldste mann med ein alder på 112 år..
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nuoro» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2008.
- ↑ «Atene sarda. Storia di vita nuorese 1886-1946», Elettrio Corda, Rusconi 1992, ISBN 88-18-12101-4