Grazia Deledda

italiensk poet og skribent

Grazia Deledda (27. september 187115. august 1936) var ein italiensk forfattar som i 1926 fekk Nobelprisen i litteratur «för hennes av hög idealitet burna författarskap, som med plastisk åskådlighet skildrat livet på hennes fäderneö och med djup och värme behandlat allmänt mänskliga problem.»[1][2]

Grazia Deledda

Pseudonym Ilia di Saint-Ismael
Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 27. september 1871
Nuoro
Død

15. august 1936 (64 år)
Roma

Yrke skribent, lyrikar, romanforfattar, skodespelforfattar, prosaforfatter
Sjanger roman, novelle, sjølvbiografi, drama
Ektefelle Palmiro Madesani
Signatur
Grazia Deledda på Commons

Liv og virke

endre

Grazia Deledda var fødd i NuoroSardinia. Ho kom frå ein velhavande familie og fekk språkundervisning allereie i barneåra. Som 15-åring fekk ho i 1886 publisert forteljingar og dikt i sardiske aviser. Frå år 1900 budde ho i Roma med to søner og ektemannen Palmiero Madesani, som var statstenestemann i forsvarsdepartementet.

Deledda blir rekna som ei av dei viktigaste naturalistiske forfattarane innan italiensk litteratur. I romanane sine skildrar ho det harde livet til det sardiske folket. Verka er lagnadsromanar der kvinner ofte er sentrale figurar rivne mellom konfliktar om ære, tru og fordommar frå omgjevnaden.[3] Dei seinare verka utspelar seg i Italia, men knyter likevel an til heimplassen hennar.

I verka hennar kan ein spore påverkning frå Giovanni Verga sin verismo og i blant Gabriele D'Annunzio sin decadentismo.

Verk i utval

endre
 
Deledda med mann og ein son
  • Fior di Sardegna, 1892
  • La via del male, 1896a, omarbeidd i 1916
  • Il tesoro, 1897
  • Elias Portolú, 1900
  • Sino al confine, 1910
  • Nel deserto, 1911
  • Canne al vento, 1913
  • Marianna Sirca, 1915
  • Annalena Bilsini, 1927

Omsetjingar til norsk

endre
  • Hjemve, 1929
  • Annalena Bilsini, 1929
  • På onde veier, 1928
  • Efeuen, 1928
  • Siv som svaier i vinden, 1927
  • Flukten til Egypten, 1927
  • Den ensomme mands hemmelighet, 1925
  • Aske, 1925

Referansar

endre
  1. "for her idealistically inspired writings which with plastic clarity picture the life on her native island and with depth and sympathy deal with human problems in general".
  2. Nobelprisen i litteratur 1926 på nobelprize.org
  3. Leksikonredaksjonen til forlaget F.A.Brockhaus (red.): Nobelpreise. Chronik herausragender Leistungen. Mannheim 2001, ISBN 3-7653-0491-3, s. 264.

Litteratur

endre
  • Irene Ferchl, Es genügt, das innere Leben zu leben, i Charlotte Kerner; Nicht nur Madame Curie - Frauen, die den Nobelpreis bekamen, Belz Verlag Weinheim und Basel 1999, ISBN 3-407-80862-3
  • Gertraude Wilhelm (red.): Die Literaturpreisträger - Ein Panorama der Weltliteratur im 20. Jahrhundert, Econ Taschenbuch VErlag Düsseldorf, 1983, ISBN 3-612-10017-3
  • Red. E. Cecchi, samla verk, 4 bind. 1941-1955

Bakgrunnsstoff

endre