Nupen
Nupen er ein stad ved Bremnes i Kvæfjord kommune, like ved kommunegrensa til Harstad.

Foto: Asbjørn Håkonseth
Nupen er eigentleg namnet på åsen over Bremnes, men vert brukt i daglegtale om området ved fylkesveg 1 og ved fjæra, dit mange fer for å sjå midnattssola. Tidlegare var det ein kiosk på staden, og i samband med oppgradering av vegen på 80-talet vart det sett opp ein rasteplass med benkar, toalett og informasjonsskilt der.
Frå Nupen ser ein over Kasfjorden til fjellet Elgen og Ytre Elgsnes, til Grøtavær, Andøya og Gapøya, og ut mot Norskehavet heilt til horisonten i nord.
Nupen vart i 2009 kåra til den mest romantiske staden i Noreg av reisemagasinet Reiser og Ferie[1].
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Nupen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Norges mest romantiske». Reiser og Ferie. 20. april 2009. Henta 13. juni 2009.