69°0′11.574″N 16°3′18.522″E / 69.00321500°N 16.05514500°E / 69.00321500; 16.05514500

Andfjorden
fjord
Utsyn frå Nupen i Kvæfjord over til Andøya

Foto: Asbjørn Håkonseth

Land  Noreg
Kart
Andfjorden
69°03′22″N 16°03′07″E / 69.056°N 16.0519°E / 69.056; 16.0519
Wikimedia Commons: Andfjorden

Andfjorden er ein fjord langs fylkesgrensa mellom Nordland og Troms og mellom øyane Andøy i vest og Senja i aust. Fjorden strekkjer seg 46 km sørover, der han går over i andre fjordar, men til botn av Gullesfjorden er fjordsystemet 98 km langt. Av kommunar langs fjorden finn ein Andøy og Sortland i Nordland og Harstad og Senja i Troms.

Fjorden startar i nord mellom Andenes i vest og Måneset i aust. Dei ytre delane av fjorden er vid, om lag 30 km. Torskefjorden med Gryllefjorden er ein fjordarm på austsida, like sør for Måneset og frå tettstaden Gryllefjord går det ferje over fjorden til Andenes. Av busetnader ved fjorden på Andøy finn ein bygdene Skardstein og Myre i tillegg til fleire grender, som Å.

På Senja ligg bygda Grunnfarnes sør for Torskefjorden, og sør for denne igjen ligg Veidmannsfjorden og bygda Medby. Vedmannsfjorden er igjen ein fjordarm av Sifjorden. Lenger sør ligg fjordarmen Selfjorden med tre eigne fjordarmar. I dette fjordsystemet finn ein bygdene Flakkstadvågen og Rødsand. Sørvest for Selfjorden ligg Bjarkøya og Meløyvær. Søraust for Bjarkøy ligg Vågsfjorden. Grytøya ligg sør for Bjarkøya igjen og Grøtavær på Grytøya og Kinneset på nordenden av Hinnøya lenger vest markerer den sørlege grensa for Andfjorden. Sørover frå her går Toppsundet mellom Grytøya og Hinnøya til Vågsfjorden, Kasfjorden går inn til Kasfjord og lenger sør går Kvæfjorden, Gullesfjorden og Godfjorden sørover.