Nydalen videregående skole
Nydalen videregående skole er ein offentleg vidaregåande skule i Nydalen i bydelen Nordre Aker i Oslo, offisielt opna 22. august 2011 av ordførar i Oslo, Fabian Stang. Skulen har i dag omtrent 900 elevar som er fordelt på tre ulike studieretningar: helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og service og samferdsel. Der er 165 tilsette på skulen. Rektor er Linn Siri Jensen.
Nydalen videregående skole | |||
Motto | Moderne - fleksibel - ambisiøs | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Vidaregåande skule | ||
Org.nummer | 996216454 | ||
Grunnlagd | 22. august 2011 | ||
Kommune | Oslo | ||
Bydel | Nordre Aker | ||
Adresse | Nydalsveien 30C | ||
Rektor | Linn Siri Jensen | ||
Elevar | ca. 850 | ||
Tilsette | ca. 120 | ||
Nettstad | https://nydalen.vgs.no | ||
Nydalen videregående skole 59°57′02″N 10°45′45″E / 59.9506°N 10.7625°E |
Historie
endrePlanlegginga av skulen byrja i 2007. Det norske selskapet Avantor, som er den store eigaren av grunn og bygningar i Nydalen, vart tildelt oppdraget å bygge skulen, og Link Arkitektur teikna bygget.
Skulebygget
endreSkulebygget er på 14 175 kvadratmeter fordelt på seks etasjar, der to er under jordyta og fire over:
U2: Her finst det ein handballhall av internasjonal størrelse samt garderobar og eit toppmoderne styrkerom.
U1: Her finst det tribunar til hallen samt samlingsrom og eit auditorium som blir brukt ved til dømes elevråd.
Hovudetasjen: Her er det eit stort bibliotek som er kopla til bydelsbiblioteket (Deichmanske bibliotek) samt IKT-avdeling, informasjonsdisk, klasserom for programfag og ei stor elevkantine og lærarkantine. Kantina er drifta av Avantor.
1. etasje: Her held helse- og sosialfag til. Det gjer også elevane med særleg tilrettelegging grunna hørsels- eller annan funksjonshemming. Leiingen av skulen held også til i denne etasjen.
2. etasje: Her held studiespesialiserande gruppe til. Kvart trinn har sin eigen base med leseplassar. Det finst ei moderne realfagsavdeling som er mykje brukt av elevane ved skulen.
3. etasje: Her held samferdsle- og servicegruppene til og lærarane har kontora sine her. I etasjen er det takterrassar som blir brukt dagleg sommarstid av både elevar og lærarar.
Skulemotto
endreMottoet til skulen er «Moderne - fleksibel – ambisiøs»
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |