Fabian Stang

norsk politikar

Richard Fabian Stang (fødd 19. august 1955) er ein norsk advokat og høgrepolitikar. Han var ordførar i Oslo kommune frå 2007 til 2015. Frå 2016 er han statssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug i regjeringa Solberg.

Fabian Stang

Fødd19. august 1955 (69 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
MorWenche Foss
FarThomas Stang
EktefelleCatharina Munthe
VervStatssekretær for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug Frå 2016
FøregangarMarit Berger Røsland
VervOrdførar i Oslo 2007–2015
FøregangarSvenn Kristiansen
EtterfylgjarMarianne Borgen
Alle verv

Fabian Stang er son av Wenche Foss og Thomas Stang. Han utdanna seg som jurist og arbeidde først som lærar, deretter advokatfullmektig, politifullmektig og frå 1986 advokat.

Stang har vore bystyrerepresentant for Høgre sidan 1999, og fast medlem av helse- og sosialkomiteen, samferdsels- og miljøkomiteen, byutviklingskomiteen og finanskomiteen.[1] Han var varaordførar i Oslo frå 29. august 2007, og blei ordførar den 17. oktober same året. Som ordførar er Stang også leiar av forretningsutvalet, valstyret og samevalstyret i Oslo.[2]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Fabian Stang