Nymfestadiet

(Omdirigert frå Nymfestadium)

Nymfe er eit stadium hjå hemimetabole insekt mellom egg og vakse dyr.[1] Det tilsvarar larvestadiet hjå holometabole insekt, men nymfa til eit insekt liknar meir på det vaksne individet og går til dømes ikkje gjennom noko puppestadium. Insektet kan gå gjennom fleire hamskifte der nymfene blir stadig likare vaksne insekt.[2] Mellom insektgrupper som har nymfestadium kan ein nemna teger, lus,[3] augestikkarar, vassnymfer,[4] grashopper og kakerlakkar.[2]

To nymfer av Schistocerca gregaria med eit vakse individ.
Egg og nymfer av teger (Heteroptera).

Kjelder endre

  1. «nymfe – zoologi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 9. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «nymph | entomology | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 4. februar 2022 
  3. «Hemimetabola». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 27. januar 2022. 
  4. Britton, David (9. juli 2009). «Metamorphosis: a remarkable change». Australian Museum. Henta 13. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nymfestadiet
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.