Det nye testamentet

(Omdirigert frå Nytestamentet)

Det nye testamentet, ofte forkorta til NT, er ein del av den kristne Bibelen. Det inneheld 4 evangelium, Apostelgjerningane, 13 brev tillagt Paulus, Hebrearbrevet, 8 andre brev og Johannes' openberring. Dei 27 skriftene handlar om Jesus og om dei første kristne. Tekstane er opphavleg skrivne på gresk.[1] Uttrykket «Det nye testamentet» tyder eigentleg 'den nye pakta' som dei kristne meinte dei hadde med Gud. Nemninga kom i bruk rundt år 200.[2]

Symbol for dei fire evangelistane, Matteus, Markus, Lukas og Johannes, frå «Book of Kells».

Tekstene i NT vart truleg skrivne frå om lag år 50 etter Kristus, og fram til om lag år 100 (openberringa).[1] Andre tekstar som gjerne vart skrivne etter år 100 vert ikkje rekna som kanoniske av alle kyrkjesamfunn, men kan omtalast som gnostiske, apokryfe[3] eller pseudepigrafiske.

Det nye testamentet vart redigert og gjort ferdig mot slutten av 300-talet etter ei lang utveljingsprosess og harde drøftingar. Hovudæra for dette arbeidet vert gjeven Hieronymus, som gav NT den forma det har hatt sidan. Hans utgåve var einerådande i vestkirka fram til 1511, då grunnteksta vart omsett på nytt frå gresk av Erasmus frå Rotterdam. Inndelinga i vers blei innført i testamentet trykt av Robert Estienne i 1551.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bibelen» (20. november 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.
  2. Seim, Turid Karlsen. https://snl.no/Det_nye_testamente «Det Nye Testamente»] (9. august 2012), Store norske leksikon.
  3. Barstad, Hans M. https://snl.no/apokryfer «Apokryfer»] (19. september 2014), Store norske leksikon

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kristendomsartikkelen som har med litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.