Å, jul med di gleda

(Omdirigert frå O, jul med din glede)

Me klappar i hendene,
me synger og me lær
så glad' er vi, så glad' er vi,
me svingar oss i krinsen og neiar, og bukkar.

Gustava Kielland/Bernt Th. Anker i Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter

«Å, jul med di gleda» (originaltittel «O Jul med din Glæde») er ein julesong skriven av Gustava Kielland. Tonen er ein henta frå ein svensk barneleik, «Viljen I veta och viljen I förstå».

Songen er skriven som ein songleik, og han vert ofte sungen i gangen rundt juletreetjuletrefestar. Teksten vart omset til nynorsk av Bernt Th. Anker til Songbok for sundagsskulen og uppbyggjingsmøter i 1906.[1]

InnspelingarEndra

(i utval)

  • Erling Krogh og døtrene hans, Inger Marie og Grethe. med orkester. Innspilt i Oslo 18. august 1931. Gjeve ut på 78-platene His Master's Voice X 3835 og His Master's Voice A.L. 2162.
  • Ragnvald Ilen med strykekvintett. Spelt inn i oktober 1932. Gjeve ut på 78-plata Parlophon[2] B 41155.[3] Seinare gjeve ut på 78-plata Odeon D 3101.
  • John Weyer Larsen med kor og orkester (Fritz Austins orkester). Dir.: Dag Kristoffersen. Arr.: Dag Kristoffersen. Var med på Juletoner – 1. del saman med «Du grønne glitrende tre» og «Jeg er så glad hver julekveld». Gjeve ut på 78-plata Philips P 53002 H i 1953.
  • Arne Hendriksen, tenor, med Robert Levins orkester. Gjeve ut på 78-plata His Master's Voice A.L. 3429 i 1954 og på EP-platen His Master's Voice 7EGN 8.
  • Jens Book-Jenssen med jentekor og orkester. Gjeve ut på 78-plata RCA NA 1033 i 1957 og på EP-plata RCA REP 313.
  • Olav Werner med Rolf Holger, orgel. Spelt inn 27. september 1961. Gjeve ut på EP-plata Odeon GEON 56 og på LP-plata Glade jul (Odeon MOCN 1001).

KjelderEndra

  1. aasentunet.no
  2. Det heitte Parlophon på den tida
  3. Ragnvald Ilen: O, jul med din glede (Parlophon B M41155, 78-plate)

BakgrunnsstoffEndra