Ǫ

bokstav frå det latinske alfabetet
(Omdirigert frå O med kvist)
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Ǫ».

Ǫ (kjend som «o med kvist», caudata, eller ogonek) er ein bokstav frå det latinske alfabetet. Han er i Noreg kjend frå norrøn tid, og vart uttala som ein låg, bakre, runda vokal, som kan jamførast med den norske å-ljoden i dag, men har jamnt over utvikla seg til ein [ø]- eller [ɔ]-ljod. Det fanst òg ein lang ǫ-ljod (ǫ́), men han fall saman med lang a (á) innan 1250. I gammalislandsk forsvann ogso den korte ǫ-ljoden ved at han fall saman med ø og i moderne islandsk vert no skriven med bokstaven ö.[1] Når ǫ ikkje er tilgjengeleg, vert han ofte bytt ut med ö.

Ǫ

Bruk
UnicodeU+01EA (Ǫ), U+01EB (ǫ)
Historie
Utvikling
  • Ǫ
Anna

Ǫ merkjer ofte ein nasal o-ljod [õ], som ein nyttar i til dømes ymse amerikanske urfolksmål som navajo og apache, sovel som omsetjing av kyrkjeslavisk. Bokstaven vart og nytta i sein urslavisk saman med ę (uttala høvevis /õ/ og /ẽ/). Uttala gjekk seinare over til /ã/, men i moderne polsk har kort /ã/ gått tilbake til ein nasal o /ɔ̃/ (skriven ą), denne gongen open.

I Unicode har bokstaven kodane U+01EA (Ǫ) og U+01EB (ǫ).

Kjelder endre

Sjå òg endre