Oberalppasset (retoromansk; Alpsu eller Cuolm d'Ursera) er ein fjellovergang i Sveits mellom kantonane Graubünden og Uri. Over passhøgda på 2 044 meter over havet går det veg mellom Disentis i aust og Andermatt i vest. Også ein jarnbane trafikkerer Oberalppasset, men denn går gjennom ein kort tunnel ved sjølve fjellovergangen. Bilvegen og jarnvegen er viktige vest–aust-samband i Sveits, til dømes mellom Lausanne og Chur.

Oberalppasset, frå austsida

Bilvegen er vinterstengd frå november til mai, medan jarnbanen går heile året.

Vegen over Oberalppasset vart bygt i 1862-63.

Bakgrunnsstoff endre