Chur eller Coire (retoromansk Cuira; italiensk Coira, fransk Coire) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Graubünden og ligg nord i kantonen. Kommunen har 33 756 innbyggjarar (2010) og eit areal på 28 km². Kommunesenteret ligg 593 meter over havet. Byen er hovudsakleg tyskspråkleg (81 %). Mange snakkar i tillegg retoromansk, og byen har eit retoromansk senter (Rätisches Museum). Italiensk vert snakka av ca. 5 %.

Chur
Kommunevåpenet til Chur
Kommunevåpenet til Chur


Plassering
Chur is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Distrikt Plessur
Borgarmeister Christian Boner
Geografi
Flatevidd
 - kommune

28,01 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

33 756
  1 205,1 /km²
Koordinatar 46°51′0″N 9°32′0″E / 46.85000°N 9.53333°E / 46.85000; 9.53333
Høgd over havet 593 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 7000-7007
Nettstad: www.chur.ch
Chur frå det høgaste punktet i kommunen, Fürhörnli

Byen ligg i Alpenrhein-dalen og har ein strategisk posisjon til fleire fjellovergangar, mellom anna til Oberalp-, Bernardino-, Splügen-, Julier- og Albulapasset. Chur ligg på høgresida av elva Plessur, like før han han renn ut av Schanfiggdalen, om lag 1,5 km før ho munnar ut i Rhinen. Han er nesten heilt omgjeven av Alpane, med fjella Mittenberg (aust) og Pizokel (sør).

Chur er den eldste byen og det aller første bispesetet på nordsida av Alpane. Curia vart i 15 f.Kr. hovudstaden i den romerske provinsen Raetia prima. Bispesetet vart første gongen nemnd i 451 e.Kr., men er sannsynlegvis eldre. Chur bispedømme eigde store område både i nærområda til byen, og i Engadin og Vinschgau i Tirol.

Skirennarane Yvonne Rüegg og Daniel Mahrer er frå Chur.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre