Observatoriet i Oslo
Koordinatar: Observatoriet i Oslo, eigentleg Det astronomiske observatorium, er eit observatorium tilknytt Universitetet i Oslo. Det ligg i nærleiken av Solli plass i Oslo og har adressa Observatoriegata 1.
Observatoriet i Oslo | |
![]() | |
Arkitekt | Christian H. Grosch |
---|---|
Stil | Empirestil |
![]() Observatoriet i Oslo |
Bygningen er bygd i pussa teglstein i åra 1831–1833 etter teikningar av arkitekt Christian H. Grosch, og er den eldste bygningen som vart reist for Universitetet i Oslo (UiO). Fram til 1935 var bygningen utstyrt og nytta som observatorium for astronomisk forsking, seinare har han vore teke i bruk til andre føremål. Mellom anna hadde Senter for Ibsen-studier tilhald her i åra 2000-2010. I høve 200-årsjubileet for Universitetet i Oslo vart bygningen restaurert og omgjort til realfagsenter for skuleelevar i Oslo-området. Alle instrumenta vart tilbakeført etter å ha vorte konservert ved Norsk Teknisk Museum i 2010-2011.

Observatoriet har vore viktig for kartlegginga av Noreg. Ein bautaliknande liten steinvarde med jarnkross i toppen vart sett opp i 1833 på Lindøya i Indre Oslofjord i ei fri siktline frå Observatoriet for å finne ut så nøye som råd var den austlege lengdegraden for Christiania (Oslo), og dette siktemerket står framleis. Og den såkalla Oslomeridianen, ein lokal nullmeridian som vart nytta frå 1948 i samband med kartlegging og oppmåling av Noreg etter det såkalla System ngo 1948, men seinare teke ut or bruk, vart lagt gjennom Observatoriet. I 1865 hadde ein klart å fastsetje at Observatoriet i Oslo låg 10º 43'22.5" (10 gradar, 43 minutt og 22,5 sekund) aust for Greenwich-observatoriet i London i England, som er staden der den internasjonalt vedtekne nullmeridianen går gjennom.
BakgrunnsstoffEndra
- Nettstaden til Observatoriet ved uio.no
- Soga om Observatoriet på nettstaden til Universitetet i Oslo
- Observatoriet i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren