Solli plass er ein open plass i Oslo vest, i bydelen Frogner. Plassen er i røynda ikkje noko anna enn ei sterkt trafikkert rundkøyring i møtet mellom fleire gater: Henrik Ibsens gate, Observatoriegata med tilkomstveg opp til Observatoriet, Drammensveien, Bygdøy allé, Frognerveien og Sommerrogata. Midt på plassen, og som sentrum i rundkøyringa, ligg det eit sirkulært grunt vassbasseng med springvatn. Trikkelinene til og frå Henriks Ibsens gate til Drammensveien, og til og frå Henriks Ibsens gate til Frognerveien, kryssar dette vassbassenget.

Solli plass.
Trikk frå Frognerveien kryssar Solli plass på si ferd mot Henrik Ibsens gate.

Plassen fekk namnet Solli plass på slutten av 1880-talet etter løkka Solli. Frå 1985 til 2004 hadde plassen offisielt namnet «Lapsetorvet», som var eit kallenamn som mange nytta om plassen i den ville aksjespekulasjonstida på 1930-talet, og som vart hengande ved plassen i lange tider etterpå. Men i 2004 gav bydelsutvalget i Frogner bydel plassen attende sitt gamle namn Solli plass. Eit busstopp like ved plassen, i Frognerveien, heiter framleis Lapsetorvet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Solli plass