Oda Utsi Onstad (fødd 12. mai 1990) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Fagernes. Åra 2016-19 vann ho samtlege fire NM-gull i tresteghopp og to NM-gull i lengdehopp.

Oda Onstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1990 (33 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

7. juni 2006 i Göteborg presterte Onstad personbeste i lengdehopp med 6,31 meter, ei bestenotering som skulle stå i over 13 år. Gjennom eit knapt tiår, 2006-14, sanka ho sju sølvmedaljar og tre bronsemedaljar i dei norske ordinære friidretts-meisterskapane. Under NM i friidrett 2016 vart ho noregsmeister i tresteghopp, den fyrste av fire NM-titlar i øvinga i rad. I lengdehopp fekk ho si fjerde NM-bronse. Både i noregsmeisterskapen 2018 og i 2019 vart ho dobbelmeister, ettersom ho også sigra i lengdehopp. Ved NM i friidrett 2019Hamar den 4. august presterte ho livsbeste i lengde med 6,34 meter. Vel tre veker seinare, den 27. august i Oslo, landa ho etter 13,69 meter i tresteghopp, også det livsbeste.

Spenstige Onstad vann den 3. februar 2019 NM i lengde utan tilløp for tiande gong, samstundes forbetra ho sin norske rekord i øvinga til 2,99 meter. Vinteren 2020 tok ho sitt ellevte NM-gull i lengde utan tilløp, og la så opp.

Onstad var medlem i Fagernes IL til 2011 og 2016, i IK Tjalve 2012-15, og til sist Norna-Salhus frå 2017.

Kjelder endre