Odd Eriksen
Odd Eriksen (fødd 11. mars 1955 i Sandnessjøen, død 11. februar 2023)[1] var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart den 17. oktober 2005 utnemnd til statsråd for Nærings- og handelsdepartementet i regjeringa Stoltenberg II. Den 29. september 2006 vart det kunngjort at han gjekk av som statsråd. Dag Terje Andersen tok over, og Eriksen vart fylkesrådsleiar i Nordland fylke i desember same år.
Odd Eriksen | |
![]() | |
Fødd | 11. mars 1955 Sandnessjøen |
---|---|
Død | 11. februar 2023 (67 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar |
Verv | Fylkesråd i Nordland 2006–2013 |
Verv | Norsk nærings- og handelsminister 17. oktober 2005–29. september 2006 |
Føregangar | Børge Brende |
Etterfylgjar | Dag Terje Andersen |
Verv | Stortingsrepresentant 1993–2001 |
KarriereEndra
Eriksen budde lenge i Dønna. Han starta arbeidskarrieren sin i elektrolysen ved Elkem Aluminium i Mosjøen. I åra mellom 1986 og 1990 var han fagforeiningsleiar i MKAF (Mosjøen kjemiske arbeiderforening), som er den lokale foreininga av NKIF. Mellom anna leia han streiken under lockouten i 1986. Han var vararepresentant for Bjarne Mørk Eidem til Stortinget i åra 1989–1993, han sat då i justiskomiteen i Stortinget. Han var fast stortingsrepresentant i åra mellom 1993 og 2001. I tida frå 1993 til 1997 var han òg nestleiar i forsvarskomiteen i Stortinget. Frå 2003 og fram til utnemninga som statsråd, var han fylkesråd for samferdsle og leiar for Arbeidarpartiet i Nordland.
Eriksen vart landskjend då han var med på å overmanna kapraren på eit fly frå Kato Air i 2004. Dermed hindra han at flyet styrta.[2] Han fekk Carnegies heltemedalje i gull i 2005 for innsatsa.[3]
KjelderEndra
- ↑ Christian A. Unosen (11. februar 2023). «Odd Eriksen er død: – Vi elsker ham fryktelig høyt». an.no. Henta 11. februar 2023.
- ↑ «– Du tror at sånt bare skjer på film». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017.
- ↑ «Får heltemedalje». NRK Nordland. Henta 8. juli 2017.