Børge Brende
Børge Brende (fødd 25. september 1965 i Odda) er ein norsk høgrepolitikar som var utanriksminister i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017.[1]
Børge Brende | |
Børge Brende
Foto: Tore Sætre | |
Fødd | 25. september 1965 (55 år) |
---|---|
Parti | Høgre |
1. verv | Norsk utanriksminister |
- periode | 16. oktober 2013–20. oktober 2017 |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Espen Barth Eide |
- etterfylgjar | Ine Marie Eriksen Søreide |
2. verv | Norsk nærings- og handelsminister |
- periode | 18. juni 2004–17. oktober 2005 |
- regjering | Bondevik II |
- etterfylgjar | Odd Eriksen |
3. verv | Norsk miljøvernminister |
- periode | 19. oktober 2001–18. juni 2004 |
- regjering | Bondevik II |
- etterfylgjar | Knut Arild Hareide |
4. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1. oktober 1997–30. september 2009 |
- valkrins | Sør-Trøndelag |
5. verv | 1. nestleiar i Høgre |
- periode | 10. april 1994–29. mars 1998 |
- etterfylgjar | Inge Lønning |
6. verv | Formann i Unge Høgre |
- periode | 26. juni 1988–24. juni 1990 |
- etterfylgjar | Jan Tore Sanner |
BakgrunnEndra
Børge Brende er utdanna Cand. mag. med mellomfag i historie. Frå 1990 til 1992 var han tilsett som økonomisjef i Brende-entreprenør AS.
PolitikkEndra
Frå 1988 til 1990 var Børge Brende leiar for Unge Høgre. Frå 1991 til 1997 var Brende medlem av formannskapet og kommunalrådet i Trondheim. Han var vararepresentant på Stortinget i periodane 1989–1993 og 1993–1997, og blei vald inn som stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i 1997, 2001 og 2005.
Brende var med i regjeringa Bondevik II, først som miljøvernminister (2001–2004) og deretter som nærings- og handelsminister (2004–2005).[2][3] I 2013 blei han ny utanriksminister for Solberg-regjeringa.
Brende var nestleiar i Europabevegelsen (1991–1992) og var leiar av SN-kommisjonen for berekraftig utvikling (2003–2004).
RegjeringEndra
- 19. oktober 2001–18. juni 2004 - Statsråd Miljøverndepartementet
- 18. juni 2004–17. oktober–2005 –Statsråd Nærings- og handelsdepartementet
- 16. oktober] 2013–20. oktober 2017 – Utanriksminister Utanriksdepartementet[1]
StortingskomitéarEndra
- 1997–2001: medlem i Finanskomitéen
- 2005–2009 første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen
Prisar og utmerkingarEndra
Børge Brende er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
KjelderEndra
- ↑ 1,0 1,1 Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017.
- ↑ NRK (18.10.2001), «Brende blir miljøvernminister», NRK (på norsk bokmål), henta 12.5.2019
- ↑ «Børge Brende ny næringsminister», www.dn.no, 18.6.2004, henta 12.5.2019