Odd Fuglem (fødd 18. juli 1940) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Selbu i Nord-Trøndelag som vart noregsmeister på 5 000 og 10 000 meter under NM i friidrett 1968. I 1967 vart han noregsmeister i 8 kilometer terrengløp. Han var medlem i Selbustrand IL.

Odd Fuglem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juli 1940 (83 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Fuglem vart andremann på 5 000 m ved Nordisk meisterskap i friidrett 1963, to år seinare kom han tredjeplass på same distansen i den nordisk meisterkapen. 1. juli 1964 vart Fuglem den fyrste nordmannen som sprang 5 000 meter på under 14 minutt. Med tida 13.53,4 forbetra han den sju år gamle norske rekorden på distansen med over 10 sekund, ein rekord som hadde tilhøyrt Ernst Larsen. Allereie under Sommar-OL 1964 i Tokyo i oktober forbetra Thor Helland rekorden med eitt sekund.

Men før ein kom så langt, hadde Fuglem forbetra Helland sin ferske noregsrekord på 10 000 meter. 2. september i Oslo sprang Fuglem i mål på tida 29.09,4, ei norsk rekordforbetring på vel 18 sekund og samstundes også nordisk rekord med over 11 sekund. Denne norske rekorden flytta Fuglem i 1967 til 29.02,8 ved eit stemne i Stockholm. På Bislett stadion i Oslo sette 11. juli 1968 sin tredje nordiske rekord på mila då han kryssa mållinja etter 28.53,8.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1962 i Drammen: Bronsemedalje på 5 000 m
  • 1963 i Trondheim: Sølvmedalje på 5 000 m
  • 1964 i Gjøvik: Sølvmedalje på 10 000 m
  • 1965 i Haugesund: Sølvmedalje på 5 000 m
  • 1966 i Bærum: Sølvmedalje på 10 000 m
  • 1967 i Trondheim: Sølvmedalje på 5 000 m og 10 000 m
  • 1968Kongsvinger: Gullmedalje på 5 000 m og 10 000 m

I norske meisterskap i terrengløping vann Fuglem på 8 km sølv i 1963 og 1964, bronse i 1966, gull i 1967 og sølv i 1968, medan det på 3 km vart bronse i 1963 og sølv 1964 og 1968.

Personlege rekordar endre

  • 5 000 m: 13.52,2 (1968)
  • 10 000 m: 28.53,8 (1968)

Kjelder endre